0112sunnm__re-friluftsr__d-familiekveld-mobil.jpg

Familiekveld i Volda tysdag 4.desember

Det vert bålkos med "kvissrefleksløype" ved Botnasanden inst i Rotevatnet tysdag 4.desember klokka 18-1930

Sunnmøre friluftsråd inviterer til ein utekveld for alle, uansett alder.

Vi fyrer opp eit bål som byr på varm drikke og eit hyggeleg samlingspunkt.

Ut i frå bålplassen kan du bli med på ein spennande og ny variant av kvissen du kjenner frå før.

Ta med deg vener og bekjente, samt ein kopp, haudelykt, sitteunderlag og gode klede,
kanskje til og med ein nisselue (?)

Er du svolten, ta med noko å grille!
Vi ser fram til ein hyggelig desember kveld ute i frisk luft.

Gjer vel og parker ved Golfbana og gå inn til Botnasanden



Botnasanden

Botnasanden i Volda

Sol_kaffekjel.jpg

Bålkos