P1050676.JPG

Førstereis med Storeggen våren 2017. Arrangement i regi av fiskerimuseet i Ålesund og friluftsrådet som fagleg bidragsytar. Over 400 elevar i 4.klasse i Ålesund får oppleve og erfare ulike fiskar; Korleis dei kjennest ut, anatomi, kva fisken har i magen, filetering av fiskefilet mm. Og elevane får lage sitt eige fiskemåltid. Dette som ein av fleire postar denne dagen. Sjølvsagt er det  historier og formidling ombord på Storeggen.

Læring i friluft 2019 >

Tilbakemelding til friluftsrådet om ynskje av kurs og opplæring 2019

"Stedsbasert læring"/ Stadleg læring

Friluftsrådet har i over 20 år arbeida for meir og bedre uteskule.

Friluftsrådet starta med dette arbeidet i 1994 fordi vi har eit brennande engasjement for at skulane skal kunne sjå og nytte moglegheitene i sitt nærmiljø til best mogleg undervisning og opplegg for borna.

I 2011 starta friluftsrådet med eit tettare samarbeid med over 20 skular i medlemskommunane i eit "Lærande nettverk". I dette nettverket har friluftsrådet arrangert ulike fagsamlingar og kurs for skulane i nettverket. Som ein raud tråd har mat ute og tur etter evne, med utandørs livredning i ulike naturmiljø vore viktig.

Her kan du laste ned referat frå dei ulike nettverkssamlingane


Kvifor bruke tid på å fylle ut dette skjemaet?

Det er svært viktig fordi friluftsrådet kjem til å nytte denne tilbakemeldinga til å søkje om prosjektmidlar til Læring i friluft 2019.

Dersom friluftsrådet får prosjektmidlar kan vi arrangere dei kursa som de ynskjer anten heilt gratis eller til ein redusert kostnad.

Skulane kan og kjøpe kurs og opplegg med friluftsrådet som vi ikkje søkjer om midlar til. 

Generelt vil kurs i 2019 koste omlag 6000.- per arbeidsdag per rettleiar. Med eit deltakartal på omlag 20 deltakarar per rettleiar. 

Unntak er til dømes kajakk der retningsliner frå til dømes padleforbundet set klare krav til deltakartal per rettleiar.


Informasjon om utfylling av skjemaet under.

Skjemaet har fem overskrifter/delar: 

Alle felt er obligatoriske med unntak av feltet med fleire kontaktlærarar. Dette er frivillig slik at kontaktinformasjon til kontaktlærar 2 og 3 er ikkje naudsynt å fylle ut.

E-post adressa til einingsleiar/rektor får ein kopi av utfyllt skjema når skjemaet vert sendt inn.


Frist for tilbakemelding er så raskt som råd!!!


Kontaktinformasjon skule
Skule:* 
Skulen sitt namn
Medlemskommune:* 
I kva medlemskommune ligg skulen













Einingsleiar/rektor:* 
Namn på einingsleiar/rektor ved skulen
E-post adresse til einingsleiar:* 
Kopi av dette skjemaet blir sendt til denne e-post adressa når de klikkar send inn.
Informasjon til ein kontaktlærar
Namn på kontaktlærar:* 
Mobiltelefon til kontaktlærar:* 
E-post adresse til kontaktlærar:* 
Klassetrinn/stilling:* 
Her kan de legge inn namn på fleire kontaktpersonar dersom det er ynskjeleg (frivillig felt)
Kontaktlærar 2: 
E-post kontaktlærar 2: 
Kontaktlærar 3: 
E-post kontaktlærar 3: 
Ynskje om kurstilbod 2018
Lærarkurs 2019:* 
Feltet er obligatorisk. Men de kan sette inn fleire kryss/alternativ.
















Anna? - spesifiser her: 
Tegn igjen
Deltakartal og anna informasjon: 
Kor mange lærarar er kursa aktuelle for? Er det mest aktuelt med kurs på ein 1/2 dag, ein kveld, eller ein heil dag?
Tegn igjen
Elev/lærar-rettleiing:* 
Ynskjer skulen at friluftsrådet skal stille med ein rettleiar som i lag med lærar(ane) bidrar med planlegging og praktisk gjennomføring for elevane ute? (Fagleg utetid saman med klassen) Det styrkar friluftsrådet sin søknad dersom de ynskjer lærarkurs i dei same tema som de ynskjer elev/lærar-rettleiing.


Utfyllande informasjon: 
Gjer vel og skriv kort om kva de ynskjer. Kva emne/tema er aktuelt? Deltakartal (kor stor er aktuelt elevtal på trinnet/klassestorleik) Kor mange lærarar er med? Tidsplan (dobbeltime/halv dag/heil dag)?
Tegn igjen
Nettverkssamling 2019:* 
Friluftsrådet har arrangert ei fagsamling for lærarar over to dagar i slutten av mai sidan 2011. Lenke til referat finn du øvst på sida. Samlinga har vore lagt til nærområdet til ein vertsskule og erfaringsdeling og praktisk fagleg påfyll er sentralt. I 2019 må vi arrangere samlinga tidleg i byrjinga av mai eller i byrjinga av juni





Lengre og meir omfattande samarbeidsprosjekt
Rydding til innsikt:* 
Dette er ein ny idè og tiltak som friluftsrådet ynskjer å teste ut som eit pilotprosjekt for nokre skular i 2019. Målet er nytte tre og strongar (trestomnar utan greiner) til bygging og læring i skulegarden og på tur. Tre felt i frå utsiktsrydding, gjengroing i friluftsområde og linerydding er ein rimeleg og lite nytta ressurs i skulen. Tre og strongar har store moglegheiter for å bli nytta tverrfaglig og som byggekonstruksjon med rom for fysisk leik. Noko som kan gi eit meir stimulerande, fleksibelt og variert utemiljø for barn og vaksne.



Sopp:* 
Sopp er ei av dei største og viktigaste gruppene av organismar som vi har på jorda. Det er verken plante eller dyr. Friluftsrådet ynskjer å jobbe for at 2-3 skular blir med i eit prosjekt og får laga til ein heilskapleg fagplan for soppriket som gjennom kompetansemål i ulike klassetrinn bygger opp borna sin kjennskap og kunnskap om sopp. Både som nedbrytar, samarbeidspartnar til tre og andre planter, snyltar og som kilde til mat (for både sneglar, insekt, menneske og dyr). Og ikkje minst korleis mennesket har nytta sopp opp gjennom tidene, korleis vi nyttar sopp i dag og kanskje kan nytte sopp som ressurs i framtida.