Gudmor_og_gudfar_Rigmor_Andersen_Eide_og_Otto_Okstad._Foto_May_Britt_Haukaas.jpg

Tidlegare stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide er gudmor for "Rigmor". Også Otto Okstad frå Miljødirektoratet har vore ein viktig fødselshjelpar for Skjergardstenesta i Møre og Romsdal.

"Rigmor" klar for teneste

26. oktober 2018 er ein viktig merkedag. Då vart etableringa av Skjergardstenesta i Møre og Romsdal feira og den første tenestebåten døypt. Gudmor, tidlegare stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide, vart assistert av Otto Okstad i Miljødirektoratet då ho døypte "Rigmor". Begge har vore avgjerande for at tenesta no endeleg er ein realitet i vårt fylke.

Skjergardstenesta i Møre og Romsdal er eigd av medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket, staten og fylkeskommunen. Tenesta skal driftast av Sunnmøre friluftsråd, i tett samarbeid med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Oppgåvene er tilrettelegging for friluftsliv på offentleg eigde øyer, holmar og veglause strender. Det omfattar tiltak som brygger, toalett, grillplassar, stupebrett mm.  og å stelle områda. 

I tillegg er kampen mot marin forsøpling ei viktig oppgåve. Tenesta skal hjelpe frivillige og andre som ryddar eigarlaust marint søppel, arrangere dugnader og rydde sjølv der det passar best. Oppdrag for Statens Naturoppsyn og å vere ein del av beredskapen i fylket er også ein del av jobben. Kysten og fjordane i medlemskommunane til friluftsråda er arbeidsområdet.

Å bygge ein ny båt tek tid, minst to år frå starten av arbeidet med spesifikasjonane til båten kan takast i bruk. Med kjøp av brukt tenestebåt frå Ryfylke friluftsråd sommaren 2018 har Skjergardstenesta i Møre og Romsdal alt vore operativ nokre månader. Den raude båten med dei to karakteristiske loddrette kvite og ei blå stripe i baugen, blir eit kjent og kjært syn for befolkninga langs kysten og fjordane i fylket!

Rigmor_ferdigpynta_til_daapen_Foto_May_Britt_Haukaas.jpg

"Rigmor" ferdig pynta med kommunevåpna og logoane til alle eigarane sine, klar for dåp.

Rigmor_med_gudmor_og_pynta_med_kommuneflagga._Foto_May_Britt_Haukaas.jpg

Gudmor Rigmor Andersen Eide etter vel utført oppdrag. Ho døypte "Rigmor" ved å kaste sjøvatn på skutesida.