2015-04-08-12.54.26.jpg


Kom UT i haustferien

I haustferien arrangerer friluftsrådet kjekke dagar for barn ute i fem friluftslivsområde i fem kommunar, ein dag kvar stad. Her får barn i alderen 10-13 år vere med på ulike leikar, lære seg å fyre bål og prøve å padle kajakk. Det er gratis å vere med, det er berre å møte opp.

Leiarane Frida og Oda er på plass frå kl. 09.00 til kl. 15.30 på dei følgjande stadane:

Måndag 9. oktober: Stafsethneset i Ålesund
Tysdag 10. oktober: Murvika i Skodje
Onsdag 11. oktober: Gurinesbukta i Haram
Torsdag 12. oktober: Kråkvika i Vestnes
Fredag 13. oktober: Skråvika i Ørskog

Frå kl. 9 til 11 blir det leik og friluftsaktivitetar, frå kl. 11-13 opplæring i bruk av øks og det å lage bål, og lunsj. Barna må ta med matpakke, gjerne noko som kan varmast på bålet. Det blir servering av kakao laga over bålet. Og så, frå kl. 13 til 15.30,  får dei som vil prøve seg på å padle i kajakk så sant det ikkje er for sterk vind. Ta uansett med ekstra klede til å byte med i fall det blir vått. Og sjølvsagt må alle kle seg etter veret.

Det er berre å møte opp, vi håper mange vil kome!