Plastfritt Giske, Ellingsøy Idrettslag og Sunnmøre friluftsråd har alle fått midlar frå Miljødirektoratet til å rydde marint søppel. Med på laget har vi også Årim, Søre Sunnmøre Reinhaldsverk, Volda og Ørsta reinhaldsverk, Bingsa Næring og Sparebanken Møre. Men skal vi nå målet om plast- og søppelfrie strender og fjøre i regionen vår er vi avhengige av mange frivillige hender, både unge og eldre. Dei som forpliktar seg til å vere med på dugnaden får gratis inngang på Atlanterhavsparken laurdag føremiddag.
Denne dagen blir der aktivitetar for barn, utstilling om plast i havet, og du kan slå av ein prat med folk som allereie er i gang med rydding av marint søppel.
Plast i havet er eit enormt globalt, nasjonalt og lokalt problem. All plast som er produsert i verda sidan starten på 50-talet som ikkje er brent eksisterer framleis. Ufattelege mengder endar i havet kvart einaste år.
Ingen veit kor lang tid det tek å bryte ned plast i havet. Men det vi veit er at den gradvis blir brote ned til mindre og mindre bitar, til slutt så små at dei blir til giftig mikroplast. Både fuglar og sjødyr får i seg plast fordi dei trur det er mat. Millionar av dei døyr fordi dei ikkje greier å kvitte seg med plasten i magen. Andre viklar seg inn i tau og garn og døyr på grunn av det.
I tillegg kjem altså mikroplast, som blir ete av dei minste organismane i havet. Dei er igjen mat for større fisk og dyr, og slik kjem mikroplasten til slutt på matfatet til menneska.
Kvart tonn plast vi greier å fjerne frå fjørene våre er eitt tonn mindre plast som kan bli til mikroplast eller gjere anna skade på dyr, fugl, fisk og folk. Bli med på dugnaden!