Det er framleis ei god stund att av årets Stikk UT!-sesong, men i år vil vi likevel prøve å starte tidlegare med salet av krus og skåler slik at ventetida blir kortare. Skålene og krusa blir laga spesielt for Stikk UT! og har lang produksjonstid. Vi har derfor tatt sjansen på å bestille eit visst antal hos produsenten på førehand. Om salet blir større enn venta må vi etterbestille. Dei krusa/skålene blir først ferdige i desember/januar.
Prisane er kr. 150 for krus (kr. 100 for barn) og kr. 180 for skål (kr. 130 for barn)
Alle som har registrert minst sju Stikk UT!-turar (seks for barn under 10 år) i løpet av sesongen kan bestille krus, skål eller T-skjorte. Varene kan enten hentast ved sørviskontoret i kommunen der du bur, eller sendast i posten mot eit tillegg i prisen. Husk å oppgi rett kommune når du bestiller! Krusa og skålene blir altså leverte i starten på november.
T-skjortene frå Devold som er laga spesielt for Stikk UT! har vi på lager, bortsett frå nokre storleikar som vi er tomme for. Desse T-skjortene er så dyre å produsere at vi kjem ikkje til å få laga fleire av dei.
Du bestiller og betaler varene med kort her: Nettbutikk
Husk å fylle ut kontaktinformasjon og i kva for kommune du vil hente det du har kjøpt.
Om du vil ha varene i posten må du velge dette alternativet i nettbutikken.