Slalom.JPG


Utlån av friluftsutstyr

Friluftsrådet har ein stor utstyrsbase med m.a. kajakkar, lavvoar, bålpanner og anna friluftslivsutstyr som vi låner ut gratis til skular, barnehagar og frivillige lag og organisasjonar i medlemskommunane våre.


Er du lærar og vil ta elevane med på tur? Eller er du med i eit frivillig lag eller ein organisasjon som vil invitere til eit friluftsarrangement? Kanskje har friluftsrådet det utstyret du har bruk for. Vi låner ut det vi har etter prinsippet førstemann til mølla. Fyll ut skjemaet under Utstyr Utlån, send inn og vent på svar. Utlån blir stadfesta når du får svar på e-post frå oss, og vi svarer så fort vi kan. Utstyret hentar og leverer du på lageret vårt på Kongshaugstranda 105 på Eidsnes i Sula, like ved Vegsundbrua.

Vi får mange spørsmål også frå private som gjerne vil låne utstyr. Dei må vi dessverre skuffe: Vi har avgrensa kapasitet og kan berre låne ut til skular, barnehagar, SFO og frivillige lag og organisasjonar. Vi tek ikkje betaling for lån av utstyret, men er strenge på at det skal leverast tilbake i god stand.

Gjer vel og klikk på menyen "Utlån utstyr" på menylinja øvst for å kome direkte til ulike bestillingsskjema, eller klikk her for tabell over utstyr

skriv inn mellomtittel her

Over finn de videoar frå friluftsrådet sin kanal på YouTube. Siste video ut er sporty lærarar i utandørs livredningsprøve i mai 2017!