Naturlos er eit "napp ut" bilag i Nytt i Uka to gongar i året, i mai og august. Bilaget blir distribuert i postkassene til husstandane i kommunane Nytt i Uka ikkje dekkjer.
I Naturlos samlar Sunnmøre friluftsråd ei rad turar og arrangement folk kan vere med på, dei fleste i regi av ulike lag og organisasjonar. Her er turar for ein kvar smak, korte og lange, med og utan ryggsekk , og mange av dei er også Stikk UT! turar. Og nokre er Ordførarens tur, der ordføraren i ein kommune inviterer til å bli med på ein spesiell tur han eller ho har eit spesielt forhold til.
Alle turane finn du her:
![]() | Naturlos_mai_2019_ny_versjon.pdf |
![]() | Naturlos_aug-nov_2019.pdf |