Det er ikkje ofte friluftsrådet får levering av utstyr med container.

Stor levering til utstyrsbasen!
Med støtte frå Gjensidigestiftelsen har friluftsrådet bestilt nye kajakkar til utstyrsbasen
Første del av det nye utstyret vart levert tysdag 02.mai

Finmanøvrering av stor last

Nøgd fagleiar aktivitet tek i mot dei nye kajakkane
Ein container full av nye kajakkar
Ein spennande og kjekk arbeidsdag med lossing av nye kajakkar frå containeren.
Kajakkane er lagt inn på lageret vårt på Konsghaugstranda 105 og vi jobbar no vidare med klargjering av utstyret og merking.
Støtta frå Gjensidigestiftelsen gjer at vi får erstatta dei utslitne kajakkane våre og kan gi eit mykje betre tilbod.
Utstyret er gratis til utlån til lag og organisasjonar, skular og SFO. Men vert ikkje lånt ut til private.

Gul hengar med kajakkar for barn og vaksne leiarar
Tre hengarar med nye kajakkar!
Med effektiv lossing av containeren, utpakking og merking vart den eine hengaren klargjort allereie same dagen.
Friluftsrådet får no to kajakkhengarar tilpassa barn og ein kajakkhengar tilpassa ungdom. Hengarane blir merka med fargekodane gul, raud og grøn!
Gul hengar som de ser på bildet har:
10 ombygde Hasle k400 barnekajakkar.
2 Current Design Sirocco
1 Current Design Storm
1 sit on top redningsbåt
Raud hengar blir identisk med gul hengar - med unntak av at alle kajakkane er raude.
Grøn hengar er tilpassa ungdom og utrusta slik:
10 Current Design Sirocco
4 Current Design Storm
Grøn hengar er tenkt for ungdom og litt meir avansert kurs og opplegg. Oppsettet slik du får låne det frå oss har difor ingen redningsbåt slik gul og raud hengar har.
Vi ventar fortsatt litt naudsynt utstyr som nye årer som må på plass før vi opnar opp for utlån på heimesida. - men det er undervegs :-)
Lav terskel tilbod:
Friluftsrådet har og enkle og dobble sit on top kajakkar for lavterskel tilbod om padling.