20170120_110839.jpg


Klar for henting!

Dei som har bestilt det kan no endeleg hente Stikk UT!- krus/skål 2016 og T-skjorter på sørviskontora i medlemskommunane til friluftsrådet.

Det har tatt lang tid, men no er krusa og skålene for Stikk UT!-sesongen 2016 endeleg komne frå fabrikken. Vi har pakka både dei og T-skjortene folk har kjøpt i nettbutikken og levert dei ut til sørviskontora i medlemskommunane til friluftsrådet (Ørskog: Frivilligsentralen). Så no kan alle som har handla Stikk UT!-effektar hente varene sine i kommunehuset i heimkommunen.