Det er ikkje små beløp Gjensidigestiftelsen har bidratt med til friluftslivsformål i regi av Sunnmøre friluftsråd siste åra. I fjor fekk vi 1 million kroner til Stikk UT! fordelt på tre år. Og no har vi fått 600 000 kroner til nye kajakkar. I 2011 fekk vi 1,6 millionar som er brukte på å sette opp 12 vasstoalett ute i friluftsområde i medlemskommunane.
Pengane vi har fått no skal brukast til å skifte ut dei utslitte kajakkane våre for ungdom/vaksne, og til til å kjøpe inn ein ny hengar med eit komplett sett kajakkar for barn. Til sesongen 2017 vil vi altså ha to hengarar med nye barnekajakkar og ein hengar med nye kajakkar for ungdommar og vaksne. Det er etterlengta, for alle kajakkane er svært populære. I 2016 har om lag 1000 barn og vaksne brukt dei. Vi låner ut gratis til skular, lag og organisasjonar i medlemskommunane. Somme skular reserverer barnekajakkane eit heilt år i førevegen for å vere sikre på at dei er ledige når dei skal gjennomføre padleopplæring med skuleklasser. Det er viktig at dei har mange nok kajakkar til at alle barna får prøve, i staden for at mesteparten av tida går med til å vente på tur.
Med denne fantastiske gåva frå Gjensidigestiftelsen kan vi no doble tilbodet til barn. Ekstra hyggeleg er det at ein av dei faste brukarane våre, Glede i bevegelse, også fekk tildelt ein stor sum i år: Heile 1 250 000 kroner til Lekepatruljen. Det vil skulebarn i heile fylket få stor glede av.