krus_og_kopp.jpg


Forseinka levering

Fabrikken greier ikkje å halde leveringstida: Stikk UT!-krusa og skålene blir ikkje ferdige før etter nyttår.

Mange har venta lenge på å få Stikk UT!-skålene og krusa dei har bestilt. Og no no er beskjeden dessverre at dei må vente endå lengre. Fabrikken greier ikkje å levere varene  før jul, slik avtalen var. Planen var å levere ut bestilte krus/skåler og Stikk UT!-T-skjorter til sørviskontora i medlemskommunane denne veka, slik at folk kan hente dei der. No må dette utsettast til over nyttår. Vi er veldig lei oss for dette, men får ikkje gjort noko med det.

Om nokon hadde tenkt å gir skål/krus eller T-skjorte i julegåve anbefaler vi i staden å gi eit gåvekort på Stikk UT!-turar i sesongen 2017 - og så skrive på at Stikk UT!-julegåva kjem i tillegg på nyåret. Julegåvekortet kan du laste ned og skrive ut gratis frå nettsida vår.

Last ned julegåvekortet her: