Friluftsrådet har som mål å lage eitt nytt turkort kvart år frå kvar av dei ni medlemskommunane våre. Korta blir samla i permar som er fordelt ut til bibliotek, sørviskontor, institusjonar, legekontor mm. Kvart turkort inneheld kart, bilde og god informasjon om ein spesiell tur. Målet er å vise fram litt av mangfaldet av flotte turar som mange ikkje veit om. Nokre av turane kan gjennomførast med rullestol og barnevogn, men ikkje alle. Topografien i fylket er som den er, men vi håper likevel at turkorta skal freiste fleire til å oppsøke turar dei ikkje har tenkt på før.
