Hjelp oss med bilde! >

Friluftsrådet treng gode illustrasjonsbilde til ulike publikasjonar. Målet er å motivere endå fleire til å kome seg ut på tur. Har du gode bilde vi kan få bruke vederlagsfritt? Bidra til friluftsrådet sitt arbeid og last opp bilda på nettsida vår.

2016-11-10-12.53.57.jpg

Skodjebruene. Foto: Christer Lundberg Nes

Turkort

Friluftsrådet er eit interkommunalt organ etter kommunelova. Vi er ikkje eit kommersielt foretak, men arbeider med å legge til rette for meir friluftsliv for dei  fleste  i medlemskommunane våre.
Mellom det vi jobbar med er turkort, og her manglar vi gode illustrasjonsbilde.
Friluftsrådet har som mål å lage eit nytt turkort i kvar medlemskommune kvart år. Det vil seie 9 nye turar per år. Turkorta blir samla i permar som er plasserte ut ulike stader i kommunane, som t.d. bibliotek, institusjonar, legekontor og sørviskontoret i kommunen.

I 2016 skal vi lage turkort for desse områda: 
  • Giske: Turveg Godøy skule
  • Haram: Remmevegen tur og ridesti
  • Norddal: Gudbrandsjuvet med turstien langs elva mot Rem
  • Skodje: Skodjebruene
  • Stordal: Dyrkorn; Lien - Gjerdsstølen
  • Sula: Sandvika-Kalvestad
  • Vestnes: Gjermundnes tursti
  • Ørskog: Jarskar - Skarbø - Vestre
  • Ålesund: Stafsethneset
Har du gode bilde, og spesielt frå desse områda, er friluftsrådet svært takksam om vi får bruke dei!

Vi kan desverre ikkje betale honorar, men vil oppgi fotograf ved bruk av bilde, og trekke ut ein  tilfeldig bidragsytar som får ein liten premie.

Avgrensingar:
Lastar du opp bilde på denne sida samtykker du til at friluftsrådet kan bruke dei på  denne heimesida og i turkorta,. Dersom det er aktuelt med anna bruk av eit bilde blir fotograf (innsendar) kontakta og spurt om løyve.

Namnet på fotografen vil alltid bli oppgitt ved bruk av eit bilde.

Dersom eit foto viser nærbilde av folk bør fotografen på førehand innhente løyve til at friluftsrådet kan bruke det. Vi vil unngå å publiserer bilde av folk som ikkje ønskjer det.

Har du spørsmål? Kontakt Christer Lundberg Nes på e-post: christer@friluftsraadet.no

Kontaktinformasjon
Namn:* 
Dette namnet vert vist som fotograf dersom vi nyttar bildet
Di e-post adresse:* 
Du får ei stadfesting frå skjemaet på e-post når du klikkar send. Samt at vi kan ta kontakt med deg på e-post om det er noko vi lurer på i ettertid.
Telefon/mobil:* 
Gjer vel og skriv eit telefon eller mobilnummer vi kan nytte dersom vi skulle ynskje å ta kontakt med deg.
Last opp bilde. Du kan laste opp 1-4 bilde per registrering.
Motiv:* 
Last opp ditt bilde:* 
Her kan du velge eit bilde frå datamaskina di/dropbox ol. Bildet vert først lasta opp når du klikkar send nedst på sida. Opplasta bilde vert lagt til friluftsrådet sin database og knytt til din kontaktinformasjon. Du samtykker då til at vi kan nytte bilde på heimesida vår og i turkorta.

Last opp bilde 2: 

Last opp bilde 3: 

Last opp bilde 4: 

Fritekstfelt: 
Her kan du informere oss om det er andre motiv dersom du lastar ned fleire enn 1 bilde. Skriv gjerne bildenr og tekst. Du kan og gi oss utfyllande bildeinformasjon eller forslag til bildetekst
Tegn igjen
Samtykke:* 
Gjer vel og kryss av for å stadfeste at friluftsrådet kan få nytte bilde vederlagsfritt på heimeside og turkort. Og at eventuelle nærbilde av personar på bilde har samtykka til at friluftsrådet kan nytte bilde. Dersom friluftsrådet nyttar bilde vil namnet på fotograf alltid bli oppgitt.