20160505_142804.jpg


Takk for år!

Stikk UT!-sesongen 2016 har vore fantastisk. No er den over for i år, men vi gler oss til nye fine turar frå 1. mai 2017.

Alfons Eriksen nyt utsikta frå Niusen i Skodje. Han er ein av dei mange frivillige i ni kommunar som har gjort det mulig å realisere Stikk UT!. Det er frivillige som set opp skilt, heng opp turkasser og plasserer ut turbøker. Det er frivillige i Stikk UT!-gruppene i kvar kommune som bestemmer kva for turar som får bli med i Stikk UT! kvart år. Utan den formidable frivillige innsatsen hadde ikkje turkassetrimmen vore råd å få til, tusen hjarteleg takk alle saman!

Årets sesong var den andre i medlemskommunane til Sunnmøre friluftsråd, og auken frå i fjor er nesten ikkje til å tru: 6 705 deltakarar har registrert 148 942 turar pr. 1. november. Det er 3 516 fleire brukarar enn i fjor og 101 918 fleire registrerte turar. Tala kan framleis auke fram til 8. november, som er siste dato for etterregistreringar. 51 personar har vore på alle 119 turmåla i år.

Tusen takk til alle som har vore med og gjort Stikk UT! til ein slik suksess også på Sunnmøre! No startar arbeidet med å førebu neste års sesong med endå fleire freistande turmål. Og hugs: Naturen ligg der  sjølv om Stikk UT!-sesongen er slutt for i år... Det er ikkje dumt å halde forma ved like til neste sesong startar 1. mai!