Skikompis-jpg-flash_frame250_x_250.jpg


Lær trygg ferdsel i vinterfjellet

Stadig fleire finn dei beste turopplevingane i vinterfjellet utanfor oppkøyrde løyper.  Men det er ikkje risikofritt. I boka "Skikompis" gir Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd gode råd om korleis du kan ferdast trygt. Du finn boka i nettbutikken.

SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv frikøyring og offpiste, fjellskiløping eller toppturar. Forfattar er skredekspert Christer Lundberg Nes i Sunnmøre friluftsråd.
Boka handlar om tryggare ferdsel i vinterfjellet,  om å finne den gode snøen og dei gode ski- og turopplevingane.

 Boka forklarer farene i vinterfjellet og gir praktisk rettleiing. Lær å forstå terrenget, snøen og vêret for å unngå farlege situasjonar. Du får og informasjon for å forstå og bruke skredvarsel på varsom.no. Dette er ei svært praktisk bok med mange gode råd og tips.
Forord av Nils Faarlund.

192 sider

Boka er pensum på skredkurs i Norsk Fjellsportforum og på relevante studiar ved tre ulike høgskular/universitet i Noreg. Boka er referanselitteratur for Norske Tindevegledere (UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide).  Skikompis er og kurslitteratur for skredlederkurset for redningsmenn i Norsk Luftambulanse.

Du kan kjøpe boka i nettbutikken: