- Naturmøteplassen skal vere ein litt annleis måte å treffast på, seier Palma Øvrebust, folkehelsekoordinator i Stordal og første bålsjef i Rystene. Planen er at dette skal bli ein fast møteplass kvar onsdag gjennom heile året, uansett vêr. Då skal folk vite at bålet brenn, at kaffilars er klar og at der er folk som tek godt i mot og er glade for alle som kjem. Ho håper det blir mange, at dette blir ein arena for fellesskap, inkludering og nye vennskap.
Grunneigar Jarle Hove stiller generøst Rystene med gapahuk, bålplass, kokegrop, boulebane og nydeleg natur til disposisjon for Naturmøteplassen. Til og med presenning til tak over bålplassen er råd å få til når vêret blir slik at det trengs. Skogsvegane fram til den freda pletten er nesten flate og lette å gå for dei fleste.
Naturmøteplassen er eit pilotprosjekt etter initiativ frå Sunnmøre friluftsråd, men der lokale frivillige tek ansvaret for å vere vertskap ein gong i veka. Målet er å etablere fleire slike naturmøteplassar i medlemskommunane til friluftsrådet. Stordal er først ut.
- Det er noko heilt spesielt med å samlast rundt eit bål, det er avslappande og praten går lett, seier Palma Øvrebust. Rystene ligg ikkje lenger unna sentrum enn at mange kan ha høve til å stikke innom med matpakken sin og ta lunsjen ved bålet på onsdagar. Dei som ikkje er i jobb kan kanskje gi seg betre tid og delta i aktivitetane som vil bli arrangert innimellom. Både Sunnmøre friluftsråd og andre vil kome på besøk med ulike aktivitetar etter årstid og innspel frå gjestane. Matlaging på bål og i kokegrop, spikking, garnfarging, samling av materiale til dekorasjonar og mykje meir kan bli aktuelt. Men viktigast av alt er det sosiale, at Naturmøteplassen skal bli som namnet seier: Ein triveleg treffstad i friluft.