Friluftsskule_2016.jpg


Friluftsskule i haustferien

Feriemoro på Tueneset i Ålesund 10.-14. oktober. For barn i alderen 11-13 år. Framleis ledige plassar!

I haustferieveka 10. - 14. oktober arrangerer Sunnmøre friluftsråd Friluftsskule for barn i alderen 11 - 13 år på Tueneset i Ålesund. Det blir kjekke dagar utandørs med mange ulike aktivitetar saman med dyktige leiarar.

Orientering, matlaging på bål og spikking er berre noko av det barna får vere med på denne veka. Dei får også lære om krigshistoria på Tueneset, kva som skjedde der, og dei får sjå stadane der det skjedde. Og sjølvsagt blir det også mykje tid til fri leik og moro.

Ikkje nøl med å melde deg på dersom du vil vere med - vi har plass til 20 deltakarar. Barn frå alle medlemskommunane til friluftsrådet er velkomne. Det blir oppmøte på parkeringsplassen ved klubbhuset til SIF kvar morgon kl. 0900. Skulen varer til kl. 15.30 kvar dag og det kostar kr. 500,- pr. barn å vere med.

Her finn du meir informasjon og påmeldingsskjema: