Plysjfugler_kvitveisdagen.jpg


Besteforeldrekurs i Ålesund og Skodje

Inspirasjonskurs for besteforeldre som vil ha barnebarna med på tur.

Det er ikkje alltid like lett å motivere barn til å bli med ut på tur. Men når dei først blir med syns dei ofte det er kjekt, særleg når turen inneheld meir enn å gå til ein fjelltopp og ned att. For det er veldig mykje kjekt å finne på ute, både undervegs på tur og i kvilepausene. Og besteforeldre har ofte mykje spennande å fortelje om frå eigen barndom og opplevingar ute.

Også matlaging på bål er ein sikker vinnar - og det finst mange gode alternativ til svidde pølser som barna kan vere med på å lage.
Denne hausten tilbyr Sunnmøre friluftsråd gratis kveldskurs med tips og idear til besteforeldre som gjerne vil ha barnebarna med på tur. Det blir kurs i Murvika i Skodje den 4. oktober og på Tueneset i Ålesund den 11. oktober. Besteforeldre frå alle medlemskommunane til friluftsrådet er hjarteleg velkomne.

Du finn meir informasjon om kursa her: