Kurs_hausten_2016.jpg


Inspirasjon til friluftsliv

Gratis kveldskurs med friluftsrådet  hausten 2016

Friluftsrådet inviterer til gratis kurs for fleire grupper i ulike kommunar denne hausten: Klart det går! for vaksne med ansvar for barn med funksjonsnedsettingar, kurs for besteforeldre som vil ta med barnebarn på tur, og for andre vaksne som vil ha tips og inspirasjon til kjekke aktivitetar ute.

Frluftsliv gir glede og gode opplevingar. Og det er mykje meir å finne på ute på tur enn å gå frå A til B med matpakke i sekken. Ikkje noko gale med det, men av og til kan det vere kjekt å gjere litt meir ut av turen, anten ein går åleine eller saman med andre.

Når og kvar er det lov å fyre opp bål og lage mat ute på tur? Kva slags mat kan vi lage ute? Og korleis kan det vi ser undervegs på turen brukast til å finne på kjekke aktivitetar? Særleg barn syns ofte det er keisamt å berre gå til ein fjelltopp og ned att. Men slik treng det ikkje vere, det er mangt å finne på undervegs som kan gjere turopplevinga endå finare. På kurs med friluftsrådet får du praktiske tips og idear som vil gjere turane i framtida endå meir innhaldsrike og kjekke.

Du finn meir informasjon om kursa og påmelding her: