StikkUT_bedrift_header.JPG

Stikk UT! på arbeidsplassen

Bruk turkassetrimmen Stikk UT! til å skape samhald, trivsel og gode fellesopplevingar på jobben, bli med på årets ny-satsing Stikk UT!-bedrift!

Søndag 1. mai er ein dag mange ventar på: Då startar årets Stikk UT!-sesong i medlemskommunane til dei to friluftsråda i fylket. 

I tillegg til endå fleire turmål enn tidlegare kjem Stikk UT! i år også med eit eige tilbod til næringslivet: Stikk UT!-bedrift. Med tilgang til ei spesialtilpassa registreringsløysing kan bedriftene bruke turkassetrimmen som eit positivt aktivitets- og trivselstiltak internt - og utfordre og konkurrere både mellom eigne tilsette og med andre bedrifter.

3_pakkar.JPG

Tre pakkar

Mange bedrifter har brukt Stikk UT! tidlegare også, men no har vi gjort det enklare ved å lage ei eiga løysing spesielt tilpassa for dei. Bedriftene kan velje mellom tre pakkar til ulike prisar. Den rimelegaste gir tilgang til registreringsløysinga for bedrifter i Stikk UT!. Der kan deltakarane søke etter andre verksemder som er med, få opp topplister, ulike statistikkar og trekke ut vinnarar blant eigne tilsette. Topplista blir rangert etter gjennomsnittet pr. registrert deltakar slik at alle bedrifter kan konkurrere på like fot, anten dei har mange eller få tilsette.

Dei to andre pakkeløysingane kostar litt meir, men gir bedriftene i tillegg høve til å profilere seg på nettsidene til Stikk UT! og til å sponse eit turmål dei sjølv kan velje.

Mange arbeidsplassar brukar Stikk UT! aktivt allereie, men med desse nye løysingane blir tilbodet endå betre. Stikk UT!-bedrift er ikkje berre er tiltenkt det private næringslivet, løysingane passar like godt for arbeidsplassar i det offentlege og til lag og foreiningar.

Slik fungerer det

Bedriftene som vil vere med bestemmer seg for kva for ein pakke dei vil ha. Betaling skjer via nettbutikken til friluftsrådet. Om bedrifta heller ønskjer faktura gir dei beskjed. Friluftsrådet registrer bedriftene i registreringsløysinga. Den enkelte arbeidsplassen legg så inn dei kollegaene som vil vere med. Så er det berre å gå i gang frå 1. mai. Men det er også råd å melde seg inn etter at sesongen har starta.

Enormt populært

Til saman 21 av kommunane i fylket er medlemmar i Sunnmøre friluftsråd eller Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal. Turregistreringstrimmen Stikk UT! har vore ein stor suksess i Romsdal og på Nordmøre i mange år. I fjor vart også Sunnmøre friluftsråd med og innførte Stikk UT! i sine ni medlemskommunar. Til saman registrerte nærare 14 000 brukarar over 200 000 turar i 2015. Nøkkelen til suksessen er at det er så enkelt å bli med at dei aller fleste kan delta og oppleve turglede.

Stikk UT! motiverer folk til å kome seg ut på tur og til å oppdage turmål dei ikkje visste om frå før. Konseptet passar perfekt også for bedrifter som vil satse på fellesskap og turglede blant dei tilsette. Deltakarar som alt er registrerte i Stikk UT! slepp å registrere seg ein gong til for å bli med på både den vanlege topplista og i statistikkane for bedriftene. 

Lenke til påmeldingsskjema for Stikk UT!-bedrift finn du her!

StikkUT_bedrift.JPG

Klikk her for å laste ned bildet til venstre som pdf fil.