P1030129_6066.JPG

Liten frosk klar til utsetting i same dammen som han vart henta som egg!

Frå froskeegg til rumpetroll

Det er spennande og lærerikt å hente froskegg og stelle rumpetrolla til desse blir småfroskar også sleppe dei ut at!

Våren er tida for froskeegg og rumpetroll. Og ute langs kysten har dei første 
froskeegga allereie blitt lagt i små dammar.

Desverre er ikkje alle egga befrukta - eller har blitt øydelagt av frostnetter.

Eit godt råd er difor berre å hente egg som er svarte i midten. Kvite "plommer" eller dei som har grå/melkekvit gele er i regelen døde eller øydelagte egg.

Å stelle rumpetroll opp til småfroskar er kjekt for både små og store. Men nokre tips er viktige for at flest mogleg av rumpetrolla skal få utvikle seg til småfroskar.

Friluftsrådet har difor laga ei god rettleiing til korleis du kan stelle rumpetroll opp til små froskar som du så slepp ut att på same staden.