logo-med-delt-tekst.jpg

Ny logo

Vi har skifta namn til Sunnmøre friluftsråd!

Friluftsrådet for Ålesund og omland har skifta namn til Sunnmøre friluftsråd. Det vart bestemt på årsmøtet på Vestnes onsdag 9. mars.

Fleirtalet på årsmøtet meinte at det var på tide med eit nytt, enklare og meir samlande namn enn Friluftsrådet for Ålesund og omland. 
Fleire variantar vart lufta, og også om det ville vere betre å vente med namneendring til resultata av kommunereforma er klare. Men eit fleirtal på 17 mot tre avgjorde at Sunnmøre friluftsråd no er det nye namnet. Med det vil delegatane også signalisere til kommunane på Sunnmøre som framleis ikkje er medlemmar at dei er velkomne til å melde seg inn. Dette gjeld dei ni kommunane på Søre Sunnmøre.


logo-med-nettadresse.jpg

Ny logo