Tueneset_vindmoelle.jpg

Vindmølle skal gi ekstra energi til vassklosettet på Tueneset i den mørke årstida!

Toalett med vindmølle!

Tueneset friluftsområde har no fått heilårs ope vassklosett! Dette er eit prøveprosjekt der vi nyttar vindmølle som ekstra energikilde!


Dei nye vakumtoaletta til friluftsrådet får straum til pumpa frå solcellepanelet på taket. 

Det fungerer veldig bra, men i dei mørkaste vintermånadane må vi stenge. Både på grunn av mangel på energi frå solcellene. Men og fordi det er fare for frysing i vass-systemet.

No har vi fått pengar frå fylkeskommunen til å teste om ei vindmølle i tillegg til solcellepanelet på taket kan gi nok energi, og at vi unngår frysing med miljøvennleg frostvæske i tankane.

Pilotprosjektet gjer no at vi kan ha heilårs ope toalett på Tueneset!