20160225_112803_ny.jpg


T-skjortene kan hentast!

Stikk UT!-T-skjortene er levert ut til kommunane i dag.

Endeleg er Stikk UT!-T-skjortene frå Devold komne frå fabrikken! Det har tatt lengre tid enn venta, men resultatet og kvaliteten ser veldig bra ut. Friluftsrådet har køyrt ut T-skjortene til medlemskommunane i dag, torsdag 25. februar. Kvar kommune har også fått namneliste over bestillingane, slik at dei kan krysse av etter kvart som skjortene blir henta. Utleveringsstadane er sørviskontoret i kommunehusa, med unntak av Ørskog: Der kan skjortene hentast i Frivilligsentralen.

Friluftsrådet har fleire skjorter på lager. Om nokon har bestilt feil storleik eller blir så begeistra for skjortene at dei vil ha fleire vil vi hjelpe så godt vi kan. Vi beklagar den lange ventetida, men håper de blir fornøgde med T-skjortene. Og så ønskjer vi vel møtt til ein ny Stikk UT!-sesong på Nordre Sunnmøre og i Vestnes frå 1. mai!