Turkortpermen_1.jpg


Ny turkortperm!

19 flotte turtips om nærturar i alle dei ni medlemskommunane våre!


- Vi valte å samle turkorta i ein fin perm, fordi det då er lett å fylle på med fleire turkort etter kvart som vi rekk å lage dei, seier Christer Lundberg Nes, aktivitetsleiar i friluftsrådet. Det er han som har stått for hovudjobben med turkorta. Turane er plukka ut i samarbeid med folkehelsekoordinatorane/frivilligsentralane i medlemskommunane til friluftsrådet.

Få flate turar
- Med den topografien som er på våre kantar er det ikkje lett å finne turar som passar for absolutt alle. Særleg er universelt utforma turstiar for personar i rullestol mangelvare. Men med elektrisk rullestol og ein hjelpar er dei aller fleste turane i turkortpermen tilgjengelege også for dei, seier Lundberg Nes. Det gjeld sjølvsagt også for alle andre, anten dei går til fots eller brukar hjul i ei eller anna form.

Kvart turkort inneheld detaljert informasjon som gjer det lett å vurdere om dette er ein tur som passar. I tillegg inneheld permen informasjon om friluftsrådet, allemannsretten, førstehjelp og litt om kvar kommune.

Fleire kjem
Til no har friluftsrådet laga tre turkort frå Ålesund og to frå Sula, Giske, Haram, Skodje, Ørskog, Stordal, Norddal og Vestnes. Permane blir køyrt ut til kommunane i desse dagar, som så distribuerer dei ut til bibliotek, institusjonar, sørviskontor og venterom av ulike slag. I tillegg til sjølve permane blir det levert ut lause turkort folk kan ta med om dei vil.

- Målet vårt er å fylle på med minst ein tur frå kvar medlemskommune kvart år framover, seier Lundberg Nes. Turkorta er finansiert med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund.

Her finn du tabell over alle turkorta og kan laste dei og eventuelt skrive dei ut sjølv: Last ned Turkort her!