Friluftsraadet-100216.jpg


Moro i vinterferien!

Uansett korleis veret blir er det ingen grunn til å sitte inne i vinterferien. Friluftsrådet inviterer både barn og ungdom til aktiv moro utandørs på Overøye i Stordal.

Arrangementa er desverre avlyst på grunn av for lite påmelde deltakarar

Ungdommane får lære korleis dei kan boltre seg trygt utanfor oppkøyrte løyper, barna får prøve både isfiske, truger, skileik og mykje anna vintermoro.

Skikompis- og skredkurs

Tilbodet til ungdom i alderen 16 til 18 år går over to dagar, måndag og tysdag i vinterferieveka, og er gratis for deltakarane takka vere det gode samarbeidet friluftsrådet har med Arena Overøye Stordal alpinsenter. Det blir to aktive dagar utanfor preparerte løyper med fokus på skikompismønsteret: Korleis ferdast trygt og ta vare på kvarandre i bratte frikøyringsområde.

Topp ekspertise
Instruktørane er mellom dei fremste ekspertane i landet på skred og trygg ferdsel i vinterfjellet. Både aktivitetsleiar Christer Lundberg Nes i friluftsrådet og Sverre Hjelmeland er godkjente tindevegleiarar (IFMGA mountain guide). Lundberg Nes er også forfattaren av boka Skikompis, som kurset bygger på.

Arena Overøye Stordal alpinsenter stiller med varmestove til kursstart og gratis heiskort til dei som treng det. Dette skisenteret har eit av dei beste snø- og frikøyringsområda her i landet. Talet på deltakarar blir avgrensa til 8-12 personar for at alle skal få god rettleiing. Dei blir delt inn i to grupper med 4-6 personar pr. instruktør. Her gjeld det å vere rask å melde seg på!

Klikk her for påmelding!

Nytt tilbod - Øvre Stordal Friluftsskule

For første gong i år inviterer Friluftsrådet for Ålesund og omland til vinterfriluftsskule med kjekke aktivitetar som isfiske, snøforming, trugetur, spor og sporteikn, skitur og mykje meir. Tilbodet er for barn i alderen 11 til 13 år og vil gå føre seg i området Øyna på Langsætrane.

Friluftsskulen går over fem dagar, kostar berre 500 kroner for heile veka, og er eit samarbeid med Øvre Stordal. Basen blir ved gapahuken og bålplassen på Øyna, med oppmøte første dagen på parkeringsplassen til Arena Overøye Stordal alpinsenter.

Klikk her for påmelding!