20151028_114845.jpg

Suppe i suppebrød

Besteforeldrekurs

Kurset med tips til uteaktivitetar saman med barnebarn var svært vellukka!


Det var ein flott og inspirerande dag deltakarane til "Besteforeldrekurset" fekk vere med på.

Som punktliste fekk deltakarane lære meir om:

  • Løvetann som mat og aktivitetar
  • Marikåpe og lage fallskjerm frå blada
  • Steinboccia
  • Bruk av øks
  • Bygging av Sunnmørsbål, og grillkull til matbål
  • Matlaging med tre retters meny
  • Lage tennkubbar av stearin og aviser
  • Lage oljelamper av lyssiv og matolje
  • Litt om tang og tare, tangtrylling, mat og å blåse i sneglehus

Reportasje i Sunnmørsposten kan du lese her: http://www.smp.no/nyheter/alesundogomland/2015/10/28/B%C3%A5lkos-med-bestemor-11741723.ece

Vide og omtale i NRK kan du sjå her: http://www.nrk.no/mr/slik-blir-du-en-bedre-besteforelder-1.12626266 

20151028_102421.jpg

Steinboccia

Steinboccia

Finn ein fin og spesiell stein som er blinken.

Alle som er med finn så sin stein som er lett å kjenne igjen.

Kast ut "blinken".

Deltakarane kastar ut sine steinar en og en.

Den som kjem nærmast "blinken" - vinn og får kaste ut "blinken" i neste runde 

Tennkubbe-1.jpg

Tennkubbar

Tennkubber

Produksjon av tennkubber.

Desse er laga av stearin som er smelta i eit vannbad og små rullar av avispapir

oljelampe.JPG

Oljelampe

Moderne oljelampe

Oljelampa er laga av margen i Lyssiv, ei skål av aluminiumsfolie og matolje.

Enkelt og flott!

20151028_142111.jpg


Avslutning i fjøra

Kva kan ein bruke tang til og kva heiter dei vanlegaste tangsortane.

Kor gammal er gristetangen?

Tilrådd:

  • Blæretangchips med kvitløkt
  • Sukkertarechips
  • Tangtrylling
  • Blåse sneglehus