Barn_lavvu.jpg


Friluftscamp på Grova

Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Grova ved Gravaneset, Liabygda,  i samband med Storfjordstemnet

Laurdag 4.-søndag 5.juni 2016

.Aldersgrensa er ikkje absolutt dersom nokon har veldig lyst og fell utanfor, men for yngre born bør foreldra vere med. Dersom det elles er foreldre som har lyst til på camp, er de hjarteleg velkomne. Aktiviteten vert styrt av unge, kjekke leiarar frå Sunnmøre friluftsråd. 

Deltakarar:           Barn og ungdom 10-15 år.  Maks 25 stk.

Påmelding:          Innan onsdag 1. juni til Einar Hoel, tlf 970 77 165 , e-post post@storfjordens-venner.no

Pris:                       Leiren gratis for deltakarane 

Arrangør:              Storfjordens Venner i samarbeid med  Sunnmøre friluftsråd

Aktivitet                 Leikar, taubruer, friluftsaktivitetar tilpassa staden , tur i området og anna moro

Frammøte:           Laurdag 4. juni kl 12.00 ved fergekaia på Gravaneset

Overnatting:         I lavvo. Ta med sovepose og liggeunderlag.

Mat:                        Ta med eigen brødmat, pålegg  og drikke  til 3-4 måltid (sjå program).

Storfjordens Venner syter for grillmat til laurdag kveld.

Personleg utstyr: Vurder vêrforholda og sjå på aktivitetslista! Vindtette og vanntette klede, ullklede inst mot kroppen (også fint å sove i), klesbyte (gjerne 2 skift), joggesko og fjellsko, 3-4 par ullsokkar, hue og ev. hanskar, toalettsaker og handkle, drikkeflaske, ev. bestikk og tallerk, lommelykt, toalettpapir, litt plaster.

Program

Laurdag 4. juni

12.00     Frammøte ved fergekaia på  Gravaneset

                Går til Grova (ca 10 min)  og etablerer leirplass, set opp lavvoar 

13.00     Felles brødmåltid. Alle tek med mat til seg sjølve.

14.00     Friluftsaktivitetar i regi friluftsrådet

17.00     Mat

18.00     Leikar og aktivitetar

Tur i området

21.00     Grilling og kos kring leirbålet

23.00     Ro for kvelden

Søndag 5. juni

08.00     Vekking

08.30     Frokost

09.00     Vi pakkar og ryddar leiren

                Friluftsaktivitetar med friluftsrådet 

12.00     Avslutting av friluftscampen

13.00     Storfjordstemnet byrjar (sjå eige program)

Lenke til friluftscampen på Storfjordens venner si heimeside