kajakk_oppl__ring1.JPG

Kajakkopplæring med Friluftsrådet sine kajakkar. Foto: Stig Johansen

Nye kajakkhengarar

Friluftsrådet har fått to nye kajakkhengarar!

Mykje i bruk

Friluftsrådet sin utstyrsbase er svært mykje i bruk.

Vår oversikt viser at kajakkane har våre lånt ut og brukt 52 ganger per medio august!

Med tanke på Sunnmørsvêret dette året så viser det at folk er friskusar og at vêret er lita hindring for aktivitet ute. Men samstundes er det liten tvil om at godvêrsperioder fører til auka utlån. 

Totalt per medio august i år har over 690 barn og 117 vaksne som har fått brukt kajakkane.

Om lag halvparten av desse har fått opplæring i kajakkpadling utover det å berre padle ein tur/prøve for første gang.

kajakkhengar--4-.jpg

Dei nye hengarane har lukka kasse til vestar og årer

Utslitt

Det er eigentleg godt når utstyr blir brukt opp og ikkje støvar ned på lager.

Og etter utallige opp og ned lastingar og atskillige kilometer var det på tide å fornye kajakkhengarane.

Friluftsrådet har no kjøpt inn to nye gode kajakkhengarar med lukka kasse til vestar og årer

Haslehengar.jpg

Haslehengaren

Barnekajakkar

Den eine hengaren er spissa mot barn frå 1.-7.klasse (+/-)

Denne hengaren har vi døpt Haslehengaren.

Den har 1 sit on top redningskajakk, ein vaksenkajakk og 12 barnekajakkar.

Den er no utrusta slik:

  • 10 stk Hasle K400 med lukka bakvegg
  • 2 stk raude Prijon enkeltmannskajakk
  • 1 stk Current design Storm enkeltmansskajakk
  • 1 stk Sit on top Redningsbåt
  • 15 årer
  • 10 stk Regata padlevestar 30-50 kg
  • 5 stk Regatta padlevestar 50-70 kg
  • 2 stk Regatta padlevestar 70-90 kg
  • 2 stk Regatta padlevestar kg 90+
  • 1 stk Kasteline og 1 stk slepeline (rumpetaske).
Prijonhengar.jpg

Prijonhengaren

Kajakkar for ungdom/vaksne

Den eine hengaren er spissa mot ungdom frå 8.klasse og oppover til vaksne

Kapasiteten er 10 stk i dobble kajakkar, 4 stk i enkle kajakkar. Samt 1 stk sit on top redningskajakk

Denne hengaren har vi døpt Prijonhengaren og den er utrusta slik:

  • 4 stk Prijon dobbeltmannskajakk
  • 1 stk Current Design dobbeltmannskajakk med ror
  • 4 stk Prijon enkeltmannskajakk
  • 16 årer
  • 4 stk Regatta padlevestar 30-50kg
  • 10 stk Regatta padlevestar 50-70kg
  • 2 stk Regatta padlevestar 70-90kg
  • 2 stk Regatta padlevestar kg90+
  • 1 stk kasteline og 1 stk Slepeline (rumpetaske).


kajakkhengar--2-_ny.jpg

Lavterskeltilbod: Sit on top kajakkar. Stabile, opne og ein sit godt og nært vatnet.

Flott å fiske og bade i frå i tillegg til enkel padling

Lavterskeltilbod

Er du usikker på å sette deg inn i ein kajakk så har Friluftsrådet likevel eit godt alternativ.

Denne hengaren er utrusta med "Sit on top"-kajakkar som er laga slik at du sit ned i ein open båt.

Dei er svært stabile og du sit på toppen av den. Dette er supre godvêrsbåtar til å bade, fiske eller berre kose seg med ein roleg padletur.

Hengaren er per medio august utrusta slik:

  • 2 stk Sit on top kajakkar dobble
  • 2 stk Sit on top kajakkar enkel, eller med ein vaksen og eit barn (opptil 8/9.år +/-)
  • 1 stk Sit on top kajakk enkel
  • 1 stk Prijon dobbel kajakk
  • 1 stk Prijon enkelkajakk (vanleg type)

 

Utstyrsutl__n.jpg

Gruppe på tur med ekstra utstyr lånt gratis frå Friluftsrådet: Lavvoar, bålpanner og kajakkar!

Ut på tur med utstyr frå Friluftsrådet

Friluftsrådet har ein stor utstyrsbase til gratis utlån av utstyr til frivillige lag og organisasjonar, samt skular, barnehagar og SFO.

Discgolf, lavvoar, bålpanner, snøformingssett og mykje meir.

Per medio august  i år har over 320 barn og 40 vaksne overnatta minst ei natt i lavvoane til Friluftsrådet

Utstyret er ikkje til privat utleige. I tillegg har Friluftsrådet kjøpt inn lavvoar og bålpanner til kvar av dei ni medlemskommunane. Dette utstyret får du låne ved å ta kontakt med Frivilligsentralen.

For å bestille utstyr nyttar du bestillingsskjema på heimesida: Klikk her