StikkUt_forside.JPG


Stikk UT! 2015

Stikk UT! med 82 turmål i dei ni medlemskommunane.

Stikk UT! er ein populær turregistreringskonkurranse
utvikla av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

Deltaking i Stikk
UT! gir mykje turglede, fysisk aktivitet og gode naturopplevingar.
Turane går til etablerte turmål og har ulik vanskegrad.
Grøne turar er dei lettaste. Nokre av dei kan
gjennomførast med rullestol og barnevogn. Blå
turar skal dei fleste turgåarar klare, medan raude
turar er for dei med god kondisjon. Svarte turar er for
erfarne turgåarar i god form.

På turmåla er det sett opp turkasse med besøksbok du
kan signere i og Stikk UT!-koden for turen.

StikkUt_app.JPG

Last ned Morotur!

App for registrering av turar


StikkUt_registrering.jpg


Registrere koden

Du må registrere koden under Mi side på nettsida
til Stikk UT! når turen er over (ta bilde av eller noter
koden). Er der mobildekning kan du registrere turen
direkte i appen Morotur på smarttelefon.


Det er ikkje nok å signere i turboka for å få turen
registrert i Stikk UT!

StikkUt_kart2015.jpg

82 Stikk UT! Turar i 9 kommunar

Turkartet over 82 turar