Baalsamtale_Stafsethneset_2015.jpg


Bålsamtale med politikarane

Måndag hadde Friluftsrådet første bålsamtale  i Ålesund.

Sjeldan blir stemninga så avslappa og samtalane så gode som rundt eit leirbål.

Dette stemte også måndags kveld då politikarane i Ålesund satt rundt bålet på Stafsethneset.

Friluftsrådet takkar for engasjementet, alle dei gode tankane og viljen til å lytte til kvarandre. Dette lovar godt for samarbeidet om å legge endå betre til rette for friluftsliv for innbyggjarane i kommunen!

Her kan du lese Sunnmørsposten sitt referat frå bålsamtalen: Politikk og friluftsliv rundt bålet


Dei neste vekene kjem Friluftsrådet til å arrangere bålsamtale med politikarane i alle medlemskommunane våre.

Aktuelle spørsmål som blir drøfta:

Kvar står friluftslivet på lista di over viktige saker du vil jobbe med?
Kva legg du i omgrepet friluftsliv?
Kva meiner du er status for friluftslivet i kommunen i dag?
Kva står på ønskjelista?
Kva er viktigaste utfordringane?
Kva for konkrete tiltak vil du prioritere i fireårsperioden?