kjoett_og_blod.JPG

Kjøtt og blod

Vikingleikar og utemoro!

Velkomen til ein dag med moro i friluft i veke 26!

Friluftsrådet arrangerer vikingleikar, grilling og andre spenstige aktivitetar i nokre friluftsområde

Det blir satt opp taubruer og discgolfbane som kan nyttast, og lavvo til å søke ly om det blir regn.

Det vert også dratt i gang vikingleikar, dette er artige leikar frå vikingtida som utfordrar motorikk, balanse, styrke og kløkt.

Leikane er forskjellige former for lett bryting kor tau, staur og andre enkle middlar nyttast.

Dette er svært enkelt å lære seg og moro for alle.

Taubru-1.jpg

Taubruer

Vikingleikar

Nokre av leikane:

Beinkrok
Bekkedrag
Sverdfingerkamp
Kjøtt og Blod
Treball
Kubb

Under spydet - sjå filmsnutt under!

Friluftsraadet_170615.jpg


Friluftsrådet vitjar desse friområda:


Dag/dato Kommune Stad Tidspunkt
Måndag 22.juni Sula Vassetvatnet (Kaffivika) kl 10-15
Tysdag 23.juni Ørskog Skråvika kl 10-15
Torsdag 25.juni Giske Blimssanden kl 10-15
Fredag 26.juni Ålesund Stafsethneset kl 10-15

Grillen er varm i tidsrommet kl 12 - 13, så ta med grillmat, venner, og kom ut og leik. 

 

Avgrensingar

Dette er et opent aktivitetstilbod i friområde og Friluftsrådet har ikkje ansvar for borna og ungdomen utover den aktivitet som rettleiaren organiserer.

Eventuelt bading og liknande er på eige ansvar.

Vegard_Linland.jpg

Vegard Lindland

Rettleiar frå Friluftsrådet

Rettleiar på desse aktivitetsdagane er Vegard Lindland