presenningskast.jpg


Friluftscamp laurdag 6.-søndag 7. juni

Friluftsrådet og Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Åseneset ved Hellesylt i samband med Storfjordstemnet.

Friluftscampen vert arrangert i samband med Storfjordstemnet på Kurlå 2015

Friluftsrådet og Storfjordens Venner inviterer barn og unge i alderen 10-15 år til friluftscamp på Åseneset ved Hellesylt i samband med Storfjordstemnet. Vi er ikkje absolutte på alder dersom nokon har veldig lyst og fell utanfor, men for yngre born så bør då foreldra vere med. Dersom det elles er foreldre som har lyst til på camp, er de hjarteleg velkomne. Aktiviteten vert styrt av dyktige leiarar frå Friluftsrådet.


Deltakarar: Born og ungdom. Maks 25 stk.

Påmelding: Innan tysdag 2. juni til Merete Løvoll Rønneberg, tlf. 99 37 65 85 mail: merete@verdsarvfjord.no
Kostnad: Dei som vil ta RIBbåt frå Geiranger ut til campen laurdag kveld (saman med Merete), betaler kr. 100 for dette. Elles er leiren gratis for alle som vil delta.

Arrangør: Storfjordens Venner i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland

Leiransvarleg: Gro Anita Bårdseth og Merete Løvoll Rønneberg + to leiarar frå Friluftsrådet: Ørjan og Vegard

Aktivitet: Padling, leikar, taubruer, friluftsaktivitetar tilpassa staden - og anna moro som Friluftsrådet finn på saman med oss.
Laurdag kveld vert det ein liten tur med RIB båt

Frammøte: 12.00 ved idrettsplassen/klubbhuset på Hellesylt.
Vi går herifrå, alternativt køyrer vi ein del utstyr ut til Korsbrekke (viss de har mykje å bere). Båtskyss kan kanskje vere aktuelt. Nærmare beskjed kjem dersom det vert endringar.

Merk: campdeltakarar som skal vere med i arrangementet «Geiranger frå fjord til fjell» kan også vere med på campen frå kvelden av. Dersom det vert deltakarar frå Geiranger/Norddal/Eidsdal, vert det RIB båt frå Geiranger kl. 18.30 laurdag kveld.

Overnatting: I lavvo (Friluftsrådet ordnar). Ta med sovepose og liggeunderlag.

Mat: Ta med eigen grillmat til laurdag kveld, og brødmat til 3-4 måltid (sjå program).
Personleg utstyr: Vurder vêrforholda og sjå på aktivitetslista! Vindtette og vanntette klede, ullklede inst mot kroppen (også fint å sove i), klesbyte (gjerne 2 skift), joggesko og fjellsko, crocs/slippers el. til ut/inn av kajakkane, 3-4 par ullsokkar, hue og ev. hanskar?, badeklede???, toalettsaker og handkle, drikkeflaske, ev. bestikk og tallerk, lommelykt, toalettpapir, litt plaster.

Førebels program:

Laurdag 6. juni
12.00 Frammøte ved klubbhuset/idrettsbana på Hellesylt.
Vi går til Åseneset og etablerer leirplass, set opp lavvoar
13.00 Felles måltid kring bålet. Alle tek med mat til seg sjølve.
Friluftsaktivitetar i regi Friluftsrådet
17.00 Mat
18.00-20.00 Leikar og aktivitetar
19.45-20.45 Tur med RIB-båt
21.00-22.30 Grilling og kos kring leirbålet
23.00 Ro for kvelden

Søndag 7. juni
08.00 Vekking
08.30 Frokost
09.00 Vi pakkar og ryddar leiren
Friluftsaktivitetar med Friluftsrådet og/eller tur opp til Åsen
12.00 Avslutting av friluftscampen
13.00 Storfjordstemnet byrjar (klikk her for eige program på Stofjordens-venner.no)
Merk at etter stemnet går det RIBbåt innatt til Geiranger, eller ein kan følgje ferja.


(RIBbåt pris innatt til Geiranger for born/ungdom: 100,- NB Hugs at de må melde dykk på dette, og det er maks plass til 12 stk.