Naturlos2015.JPG


Naturlos

NATURLOS er eit tiltak for å marknadsføre natur- og kulturvandringar og andre arrangement i medlemskommunane. I hovudsak er dette turar og arrangement i regi av lag og organisasjonar.

Naturlosavisa for våren 2015 til nedlasting

Her kan du laste ned Naturlosavisa for våren 2015


Litt historikk:

I 2014 vart 119 natur- og kulturvandringar og arrangement marknadsført via Naturlos. Marknadsføringa vart gjort via annonsar, to innstikk i Nytt i Uka og via eiga og andre sine nettsider. Nytt av året var bruken av facebook-sida vår som ein aktiv kanal for informasjon om naturlos-turane. Med eit berekna gjennomsnitt på desse vandringane og arrangementa på 25 personar så deltok ca 2975 personar totalt.

Friluftsrådet arrangerte sjølv 2 turar i regi av styremedlemmar, i Ørskog og Sula, og Postvegmarsjen i Ørskog saman med gode krefter der. Friluftsrådet deltok og med aktivitetar på fleire andre arrangement innan Naturlos.

Via brev oppmoda friluftsrådet ordførarane i medlemskommunane om å arrangere Ordførarens Tur. I 2014, som var 40års-jubileum for friluftsrådet, var eit av gåveynskja at Ordførarens Tur vart gjennomført i alle kommunane. Ordførarens Tur vart i 2014 arrangert i Haram, Ålesund, Sula, Ørskog, Vestnes, Stordal og Norddal.

NATURLOS er finansiert med midlar via Friluftsrådenes Landsforbund, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Miljødirektoratet og Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal.

Friluftsrådet vil og rette ein stor takk til alle lag og organisasjonar som arrangerer ei mengde turar og arrangement rundt omkring i kommunane og let oss marknadsføre desse.