Stafsethneset_rydde3.jpg


Snart klart for bading

Badestranda i friluftsområdet Stafsethneset i Vegsundet i Ålesund får ei skikkeleg oppgradering, mellom anna takka vere  dugnadsfolk, sponsorar og gratis lån av reiskap


Handlekraftige karar med reiskap lånt ut gratis av Ramirent har vore i sving på badeplassen på Stafsehneset. I løpet av fleire kveldar er tang, rusk og store steinar fjerna og alt er gjort klart til det store nyhendet: Skjelsanden som er på veg frå Sørlandet. 

Tidlegare har det vore lite bading her både på grunn av uro for forureining og fordi tjukk gjørme på botn har gjort det utriveleg å gå uti.

Stafsethneset_rydde1.jpg


Friskmeldt

 Nye vassprøver viser at kvaliteten på badevatnet er god. Eit tjukt lag skjelsand skal både filtrere vatnet og hindre eventuell forureining frå botnene i å kome opp. Og så blir den fin å gå på.

Ein del av stranda skal framleis vere krabbeleiteområde, men i sommar blir det i tillegg flott å bade på Stafsethneset for både små og store. Tusen takk til Nordbohus, som har bidratt økonomisk til at friluftsrådet kan gjere dette arbeidet. Fleire sponsorar er hjarteleg velkomne!


Stafsethneset_rydde2.jpg


nordbohus_aalesund.jpg


Takk til Ramirent for lån av reiskap og til Nordbohus Ålesund for økonomisk støtte