Stikkut-skilt-2.jpg

Dei raude og gule Stikk UT skilta viser veg. Med gradering av turen i figuren til venstre.

Første Stikk UT!-sesongen i gang

Frå 1. mai til 31. oktober 2015 er det Stikk UT!-sesong for første gong i historia på Sunnmøre og i Vestnes.


Turregistreringskonkurransen Stikk UT! er utvikla av Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og er ein stor suksess med meir enn 8000 brukarar som registrerte over 140 000 turar i fjor. Frå 2015 får også innbyggjarane i medlemskommunane til Friluftsrådet for Ålesund og omland vere med og gå Stikk UT!-turar på heimlege trakter. Vi startar med heile 83 varierte turmål i Giske, Haram, Sula, Ålesund, Skodje, Ørskog, Vestnes, Norddal og Stordal. Du finn detaljert informasjon om kvar tur under Stikk UT! på nettsida til friluftsrådet. Dei aller fleste turane skal vere ferdig skilta til 1. mai, men på grunn av mykje snø i fjellet kan nokre bli utsett til stiane blir farbare til fots.

Enkelt

Det er enkelt å bli Stikk UT!-brukar. På nettsida til Friluftsrådet for Ålesund og omland finn du banneret til konkurransen øvst til høgre. Under «Mi side» klikkar du på lenkja til «Registrer deg» og fyller ut skjemaet. Du kan velje sjølv om du vil at namnet ditt skal visast i topplista over dei mest besøkte turmåla.

På turmåla finn du Stikk UT!-koden i turkassa. Den kan du enten registrere direkte inn i Morotur-appen du lastar ned gratis til smarttelefonen din, eller du kan registrere koden via PC på nettsida til friluftsrådet når du kjem heim. Å signere i turboka er altså ikkje nok til å få turen din registrert i Stikk UT!.

Kvar tur gir 1 poeng. Vaksne som registrerer 7 eller fleire turar i løpet av sesongen blir kvalifiserte til å få kjøpe den flotte Stikk UT!-premien vi jobbar med å få på plass. Barn får denne retten etter 5 registrerte turar.

Stikkut-skilt-1.jpg

Dei raude og gule Stikk UT skilta viser veg. Med gradering av turen i figuren til venstre.

Oversikt

Under Stikk UT! på nettsida til friluftsrådet kan du heile tida følgje med på kor mange turar du har gått og korleis du ligg an i høve til andre. Mange bedrifter brukar Stikk UT! som intern konkurranse med eiga premiering etter sesongslutt. Friluftsrådet håper mange bedrifter i Vestnes og på Sunnmøre vil gjere det same når turkonkurransen no også blir tilgjengeleg her.

Vi ønskjer alle brukarane lykke til og god tur!

Stikk UT!