2015-04-08_1.jpg

Test av trefot som klatretårn

Vellukka utedag på Ellingsøya barneskule

Onsdag 8.april vitja Friluftsrådet Ellingsøya barne- og ungdomsskule

Med lærar og elevar gjennomførte vi ein lærerik og flott dag i uteområdet ved skulen.

Tema for dagen var skog og tauverk. Og innhaldet i dagen var: Friluftsrådet sine taubruer og å knyte trefot. Deretter vidareutvikle trefoten til presenningslavvo, gapahuk og klatretårn. Og sjølvsagt nokre spennande leikar inn i mellom. Elevane lagde og pinnebrød i matpausen.

 I løpet av dagen fekk alle elevane lære å lage:

  • 8-tallsknuten -enkel og dobbel
  • klemknute
  • 3-skåra talje
  • dobbel halvstikk
  • trefot-surring
  • Surring av greiner til klatretårn

Her kan du lese meir om tauverk og surringar. Og her finn du lenker til fleire tips om lavvo, presenning mm: LIF-perm Innledning

2015-04-08_2.jpg

Fleire stigetrinn under bygging



2015-04-08-10.57.19.jpg

Hanekamp!



2015-04-08-12.54.26.jpg

Full aktivitet i Friluftsrådet sine taubruer. Først skal det lærast knutar og byggast, og etterpå må det sjølvsagt innsats til får å pakke saman alt utstyret.

Friluftsrådet har over 20 taubruer på lager for dei som har gått kurs med oss og som vi låne taubruene.

Frivilligsentralane i medlemskommunane har også Friluftsrådet sine taubruer til utlån. Her kan du laste ned rettleiar om Taubruene