1.JPG

Mauren i Skodje ein vakker sommardag.

Søppelproblem i friluftsområde

Ikkje alle som besøkjer friluftsområda er der for å nyte vakker natur.


Mauren i Skodje er eit statleg sikra friluftsområde som ligg like ved Taftasundbrua på Ellingsøya. Det sikra området er ikkje stort, men der er flott natur og fint å fiske og bade frå svaberga. Der er også toalett og to store parkeringsplassar.
20150408_105955.jpg

Svinesti


Dessverre er det nokon som syns at området passar som søppelfylling. Tilsette i friluftsrådet har i dag jobba i fleire timar med å rydde opp - tid vi mykje heller skulle brukt til andre viktige oppgåver.


20150408_115950.jpg

Nokon har tatt bryet med å samle bosset i sekkar, men ikkje å frakte det til søppelmottaket.