OrtoMountain_3.jpg


Friluftsrådet har kjøpt eit fjell!

Nytt i skredopplæring og forståing av terreng og skredvarsel

Fjellet er av whiteboard typen, av eit materiale som gjer at ein kan teikne og illustrere på det.

Saman med eit kartgrunnlag kan ein på modellen måle helling, vurdere ulike terrengformasjonar, korleis ulike vindretningar vil skape område med innblåst snø og demonstrere sol og skugge.


OrtoMountain_1.JPG


Modellen fungerer veldig godt ved å ta utgangspunkt i dagens varsel på varsom.no:

Kva er skredproblemet?

Kvar finn vi skredproblemet?

Korleis skal vi ferdast i terrenget for å finne den tryggaste turen under desse forholda?

Modellen er laga av Ortovox - og kan tilrådast!

Skjermbilde_varsom.JPG


Skredvarsel frå Varsom.no

Bildet viser eit eksempel på skredvarsel frå Varsom.no

Det er to skredproblem:

Skredproblem 1 - Fokksnø

Skredrosa viser at skredproblemet er størst over 800 moh og i sektor:

Nordvest - Nord - Aust - Sør Aust

I modellen kan ein difor teikne inn skredproblem 1 direkte i det aktuelle terrenget!


Skredproblem 2 - Våt snø

Skredrosa viser at skredproblemet er størst under 1100 moh og i sektor:

Vest - Sør - Sør Aust

I modellen teiknar ein inn skredproblem 2.


Ein sit då med ein terrengmodell som innhelde skredproblem, høgde og terreng.

Og kan då lage ein turplan utifrå forholda

OrtoMountain_2.jpg