Livredning-3.jpg

Tryggleik ved sjø og vatn er eit viktig gjennomgangstema. På kvar samling har vi gjennomført utandørs livredningsprøve i ulike naturmiljø!

Lærande nettverk 2017

25 skular samarbeidar med Friluftsrådet om meir og betre uteaktivitet i skulen!

Friluftsrådet sitt mål med nettverket er å fremje nærområdet til skulen som læringsarena.

Lærande nettverk i friluft - Sunnmøre

Sunnmøre friluftsråd (tidlegare Friluftsrådet for Ålesund og omland) har arbeid med uteskule i skulane sidan 1994.

Friluftsrådet har målretta satsa mot skulane fordi vi har ynskja å hjelpe til med å legge til rette for meir og betre uteaktivitet i skulen. Arbeidet Friluftsrådet har gjort har variert frå å arrangere einskilde uteskuledagar med fordjupingstema til ulike undervisningsopplegg i ulike  natur- og nærmiljø, og til å utarbeide læreplanar for bruk av nærområdet i undervisninga.

Vi trur at elevane kan lære meir og betre ved å lære "om virkeligheten i virkeligheten" - samstundes som elevane då oppnår annan kompetanse i tillegg til undervisninga sitt hovudmål. Nettverket skal hjelpe skulane å sjå moglegheiter i nærområdet, og å gi tilbod om fagleg påfyll og inspirasjon gjennom erfaringsdeling i nettverket!

Hovudmål:
Fremje "stedsbasert læring" som metodisk verkty

Innhald:
Lærestadar utanfor klasserommet (moglegheiter i nærmiljøet)
Fysisk aktivitet
Kosthald og helse
Naturoppleving og miljømedvit
Sosialt miljø og gode læringsmiljø

Mål:
Forme pedagogiske planar for bruk av lokale lærestadar hjå den einskilde deltakar i nettverket
Initiere og utvikle lokale utviklingsprosjekt hjå den einskilde deltakar i nettverket
Etablere eit godt miljø for erfaringsdeling i nettverket
Tur etter evne - integrering av norsk friluftslivstradisjon med dagens krav til internkontroll og HMS i ulike natur- og nærmiljø

Lærande nettverk er:
Eit nettverk av frivillige skular i medlemskommunane til friluftsrådet
Friluftsrådet er nettverksleiar og knyt til seg ei eksterne ressursar - mellom anna Høgskulen i Volda.
Nettverket har 1 samlingar i året over 2 dagar med erfaringsdeling og faglig påfyll

Deltakarane i nettverket kan få besøk av friluftsrådet til intern opplæring/kurs eller lærar-elevrettleiing i skuleklassene

Skular i nettverket 2017

nr

Skule

Kommune

1

Flisnes skole

Ålesund

2

Ellingsøy barne - og ungomsskole

Ålesund

3

Skodje barneskule

Skodje

4

Langevåg skule

Sula

5

Grytestranda friskule

Haram

6

Stette skule

Skodje

7

Solevåg skule

Sula

8

Flem skule

Haram

9

Brattvåg Ungdomsskule

Haram

10

Stordal skule

Stordal

11

Blindheim skule

Ålesund

12

Hatlane skole

Ålesund

13

Stokke og vik barneskule

Ålesund

14

Sjøholt skule

Ørskog

15

Hildre Montessoriskule

Haram

16

Larsgården skule

Ålesund

17

Hessa skule

Ålesund

18

Giske skule

Giske

19

Tomrefjord skule

Vestnes

20

Valderøya ungdomsskule

Giske

21

Brattvåg barneskule

Haram

22

Lepsøy skule

Haram

23

Haramsøy skule

Haram

24

Tennfjord skule

Haram

Fagstoff og referat

Her finn du filer med fagstoff og referat frå nettverkssamlingane som vi har gjennomført til nedlasting og bruk. Klikk her!