oljelampe.jpg

Oljelamper av lyssiv og matolje. Skapar stemning og ein lærar korleis ein skal nytte lokal natur.

Aktivitet og opplæring

Stimulering, motivering, kurs og opplæring


Innanfor arbeidet med aktivitet og opplæring har Friluftsrådet fleire arbeidsfelt.

Christer Lundberg Nes er tilsett i stillinga fagleiar aktivitet og har hovudansvar for å koordinere og gjennomføre dette arbeidet. kontaktinformasjon finn du her!

Friluftsrådet arbeidar med:

Aktivitetstiltak for betra folkehelse i samarbeid med frisklivssentralar, folkehelsekoordinatorar i kommunane og lag og organisasjonar og i eigen regi

Meir og betre uteundervisning i skule, barnehage og SFO gjennom Friluftsråda sit fellessatsing "Læring i Friluft"

Stimulering til å nytte naturen i fiske og sanking som td gjennom kurs i etande vekstar mm


Nettverk.jpg


Lærande nettverk i friluft - Sunnmøre

Dette er eit forpliktande nettverk av skular i medlemskommunane som ynskjer å arbeide med meir og betre uteskule i eigen skule.

Skulane i nettverket kan nytte friluftsrådet til kurs for personalet eller lærar-elevrettleiingsopplegg. Det siste er undervisningsopplegg for skuleklassar.

Skulane i nettverket er og med på fagsamlingar som friluftsrådet arrangerer. I regelen er dette to dagar i slutten av mai.

Her kan du lese meir om Lærande nettverk

Her kan du laste ned referat frå nettverkssamlingane: referat


Skikompis.jpg

Skikompis boka som Friluftsrådet har gitt ut i samarbeid med Selja Forlag

Trygg ferdsel i vinterfjellet - Skikompis

Skikompis er Friluftsrådet si satsing i skredførebyggande arbeid og trygg ferdsel i vinterfjellet.

Friluftsrådet har utvikla materiell til opplæring - Skikompis bok, minifaldarar og informasjonsskilt.

Og Friluftsrådet arbeider med heile spekteret frå foredrag til praktiske opplæring ute i fjellet på turar eller kurs

I arbeidet med skredførebygging har Friluftsrådet fleire målgrupper:

  • Ungdom er prioritert målgruppe med kurs kvar vinterferie på Overøye Stordal alpinsenter.
  • Folkehøgskular
  • Skular
  • Topptur- og frikøyringsentusiastar
  • Turinteresserte som vil lære meir

Her kan du lese meir om Skikompis

Her kan du laste ned presentasjonar og foredrag

 Friluftsrådet har og ein del skredrednigsmateriell til utlån - klikk her!

Utstyrsutl__n.jpg

Organisasjon på overnattingstur med kajakkar og lavvoar lånt frå friluftsrådet!

Utstyrslån og opplæring til frivillige lag og organisajonar

Frivillige lag og organisasjonar får låne gratis utstyr med Friluftsrådet for meir aktivitet og friluftsglede.

Stimulering til meir friluftslivsaktivitet for ungdom og barn er prioritert målgruppe.

Friluftsrådet kan, med atterhald av dei til ei kvar tid økonomiske rammene, også tilby gratis kompetanseheving/inspirasjonskurs til leiarar i barne og ungdomsarbeid.

For andre målgrupper må Friluftsrådet be om honorar for arbeidstid. Som for 2018 er kr 600.- per time.

Kontaktinformasjon til fagleiar aktivitet

Klikk her for oversikt over utlån av utstyr