2020-10-02-17.58.47.jpg

Å klare balanseutfordringar gir meistringsglede! Frå kurs hausten 2020 Foto: Christer Lundberg Nes

Kajakk i skulen

Kajakk i skulen er eit fleirårig prosjekt for å auke kompetanse til lærarane i bruk av kajakk i undervisninga, og utvikling av undervisningsopplegg knytt til "stedsbasert læring"

Kajakknettverk 2021

I 2019 etablerte friluftsrådet eit kajakknettverk i skulen for skular og lærarar .

Målet for kajakknettverket er meir og betre kajakkundervisning i skulen. 

Lærarar i nettverket får tilbod om å utdanne seg til aktivitetsleiarar i våttkortstigen til Norges padleforbund. Men vi skal også utvikle gode undervisningsopplegg for elevgrupper som er på land. Forsvarleg og best padleundervisning skjer med mindre elevgrupper på sjøen, og då må elevgrupper som ventar på land få best mogleg undervisningsopplegg  i samsvar med kompetansemål i læreplanane.

Deltaking i nettverket føreset at minimum 2 lærarar frå skulen er med på kurs og pedagogisk utviklingsarbeid.

Her kan lese meir om Kajakk i skulen: Kajakk i skulen

Kajakk i skulen er drifta av Sunnmøre friluftsråd ved Christer Lundberg Nes og Dag Roland, Vegleder hav (Norges Padleforbund)/Høgskulen i Volda

Ta kontakt med Christer for meir informasjon: christer@friluftsraadet.no

2020-09-08-11.07.54.jpg

"Det er uværsdagene en husker best. -De biter seg fast i ens erindring." Fritt etter Hassa Horn.
Frå kurs hausten 2020 Foto: Christer Lundberg Nes

Historikk kajakk i skulen

Våren 2019 etablerer friluftsrådet eit nettverk for kajakkundervisning i skulen. 

Vi håpte på 4-5 interesserte skular med 10-15 lærarar, men fekk påmelding frå 16 skular og over 50 lærar!

Status for kajakknettverket 2019

I 2019 gjennomførte vi grunnkurs for 18 lærarar. 

4 lærarar starta på kurs, men på grunn av stadig dårleg timing utover hausten mellom tidspunkt  og for mykje vêr og vind  måtte siste del av kurset utsettast til 2020.

Status for kajakknettverket 2020

Vi har gjennomførte 3 regionale nettverkssamlingar for 35 lærar om «Læring i friluft» og «Stedsbasert læring» før samfunnet og skulane stengde ned i førebygging av koronasmitte i vår.

Mange skular og lærarar var med på webinar med Knut Berntsen i Friluftsrådenes Landsforbund om "Læring i friluft" og Arne N. Jordet sitt foredrag for Ishavskysten friluftsråd i Tromsø (via strømming på nett)

Kajakkopplæring i 2020

  • 13 lærarar frå 3 kommunar og 6 forskjellige skular har gått grunnkurs i 2020
  • 11 lærarar frå 3 kommunar og 5 forskjellige skular har gått teknikkurs i 2020

I tillegg har 5 lærarar starta på kurs, men av ulike grunnar ikkje fått fullført kurset i år.

  Totalt har 29 lærar vore aktive på kajakkurs i nettverket i 2020!

2020-10-15-17.48.03.jpg

Kameratredning på kurs hausten 2020. Foto: Christer Lundberg Nes

Lenker

Norges padleforbund - Våttkortstigen Hav

Kartdatabasen "Stedsbasert læring!" -Open visningsside utan innlogging

Kartdatabasen "Stedsbasert læring!" - med innlogging

Informasjonsskriv ungdomskajakk

2020-09-16-10.55.27.jpg

I vêrskifte mellom regn og sol. Frå kurs hausten 2020. Foto: Christer Lundberg Nes

2020-10-12-12.38.26.jpg

Frå kurs hausten 2020. Foto: Christer Lundberg Nes

Det finnes godt vær!

2020-10-12-12.56.39.jpg

Balanseutfodring på flåte. Frå kurs hausten 2020. Foto: Christer Lundberg Nes

2019-08-15-12.06.06.jpg

Frå kurs våren 2019. Foto: Christer Lundberg Nes

P5050326_2328.jpg

Balanseutfordring på flåte med elevar frå Hessa barneskule. Foto: Christer Lundberg Nes