2015 er Friluftslivets År. Og i år innfører Friluftsrådet for Ålesund og omland turregistreringskonkurransen Stikk UT! i dei ni medlemskommunane våre. 1. mai skal over 80 turar vere ferdig skilta! For å få til dette er vi avhengige av eit godt samarbeid med kommunane, fylket, frivillige og grunneigarar. Målet med konkurransen er å legge til rette for at endå fleire går ut på tur i den fantastiske naturen vi har rundt oss, både i velkjente og nye område. Gode turforklaringar, kart og skilting gjer det trygt og lett å oppsøke nye område. Vi håper mange vil gå alle Stikk UT! turane i løpet av sesongen 1. mai til 31. oktober. Kva for turar som får status som Stikk UT! blir offentleggjort rett før sesongstart.
For å kome i mål økonomisk er vi avhengige av hjelp frå sponsorar. Caverion Norge AS avd. Sunnmøre er ein av dei som vil bidra til å få både eigne tilsette og andre ut på flotte turar i Sunnmørsnaturen. Vi gleder oss til vidare samarbeid med dei og håper at fleire sponsorar vil støtte Stikk UT! - vi har plass til mange fleire!