Om oss

Sunnmøre friluftsråd eit operativt kompetansesenter i friluftsliv for medlemskommunane. Folkehelse er fundamentet i alt vi gjer. 


Sunnmøre friluftsråd er eit interkommunalt oppgåvefellesskap (KO) etter kommunelova med ei eiga samarbeidsavtale for fellesskapet. Dei 14 eigarkommunane i friluftsrådet er:  Giske, Fjord, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Volda, Vanylven, Ørsta og Ålesund. Klikk gjerne på kommunelogoane for å kome til heimesidene til kommunen. Sunnmøre friluftsråd er eitt av 28 friluftsråd i Norge og er ein del av Friluftsrådenes Landsforbund (FL). 

Friluftsrådet arbeider for eit naturvennleg, berekraftig og lite utstyrskrevjande friluftsliv for alle. Folkehelse er fundamentet i alt vi gjer. Vi skal, i samarbeid med deltakarkommunane, andre offentlege styresmakter, organisasjonar og frivillige, fremje allsidig og miljøvennleg friluftsliv i regionen. Vi skal stimulere til friluftsliv til beste for trivsel og helse for alle og skape større forståing for nytten av friluftsliv.

  • Administrasjonen i friluftsrådet skal fungere som kompetansesenter for friluftsliv for deltakarkommunane og andre samarbeidspartar, vere ein pådrivar og ein høyringsinstans i viktige saker for friluftslivet.

  • Friluftsrådet skal legge til rette for fysisk aktivitet.

  • Friluftsrådet skal arbeide med sikring, tilrettelegging og drift av friluftsområde av ulike slag.

  • Gjennom Skjergardstenesta Møre og Romsdal skal friluftsrådet gjere sjøbaserte friluftslivsområde attraktive og tilgjengelege.

  • Friluftsrådet skal jobbe for ei reinare fjøre. 

  • Vi koordinerer, legg til rette for frivillig og profesjonelt arbeid mot marin forsøpling.

Friluftsrådet har kontor, lager og verkstad på Digernes i Ålesund kommune. Vi er 9 fast tilsette, og fleire innleigde.