P__-fjelltur.-Stafsethneset-friluftsskule.jpg

Friluftsskular 2020

Friluftsrådet arrangerer fire friluftsskular i sommarferien 2020! 
Friluftsskulane blir gjennomført i samsvar med smittevernråd frå Folkhelseinstituttet.

Sunnmøre Friluftsskule er eit utval  kjekke friluftslivsaktivitetar for born i alderen 11-13 år

Vi gjentek suksessen med fire friluftsskular i starten av sommarferien.

Aktivitetane i friluftsskulen skjer på dagtid i tidsrommet 0900-1600.

Friluftsskulane i år blir på:

Friluftsskulane i år vert gjennomført i samsvar med smittevernråd frå Folkehelseinstituttet.

Nokre Covid-19 tilpassingar som vi gjer på friluftsskulane:

  • Grunna situasjonen med Covid-19 vil borna delast inn i to faste grupper på 10 og 10 born.
  •  Kvar gruppe vil ha to faste leiarar som er saman med borna.
  • Desse to gruppene kjem til å jobbe sjølvstendig gjennom heile friluftsskulen.
  • Smittevernråd er at born som treng transport vert køyrd i lag med eigen familie.
  • Mindre moglegheiter for samkøyring vil medføre meir trafikk så vi kjem og til å organisere differensiert levering og henting.
  • Det betyr at ei gruppe vil starte tidlegare enn den andre gruppa:
  • Gruppa A (10 barn) oppmøte kl 0900 - slutt kl 1545
  • Gruppe B (10 barn) oppmøte kl 0915 - slutt kl 1600
  • Det vert organisert gode rutiner for handvask eller handsprit, og aktivitetane vil ikkje legge opp til fysisk nærkontakt.
  • Som smitteførebygging vert det desverre ikkje felles matlaging i år og borna må difor ta med eigen mat. 
  • Det vert heller ikkje overnatting på friluftsskulane i år.

 Friluftsrådet har og oppretta ei eiga Facebookside for arrangement i Friluftsskulen.

Lik oss der og få påminning om aktivitetar og arrangement! www.facebook.com/friluftsskule

IMG_0477.JPG

Haram friluftsskule 2016

Historikk

Sommaren 2019

Stafsethneset (Ålesund) veke 26: Fullt

Skodje veke 26: Fullt

Stranda veke 27: Halvfullt

Ulstein veke 27. Fullt

Sommaren 2018

Stafsethneset i Ålesund veke 26: Fullt

Skodje veke 26: Fullt

Stranda veke 27:  Fullt

Ulstein Veke 27  Halvfullt

Vinteren 2018 - Friluftsskule i Ørsta kommune i samarbeid med Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Ålesund Skiklub. Ein dag med skitur og skileik og avsluttande overnattingstur på Standalshytta

Sommaren 2017 vart det arrangert tre friluftsskular:

Vi gjentok suksessen med friluftsskulane i Haram og Ålesund (Stafsethneset) i tillegg til at vi prøvde ut ein friluftsskule på Stranda. Alle friluftsskulane var fullteikna

Sommaren 2016 vart det arrangert to friluftsskular parallelt:

Haram friluftsskule vart arrangert  for andre gang 20.-24.juni  2016 med base på Gurinesbukta i Vatne i Haram kommune.  Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Ålesund (Stafsethneset) friluftsskule vart arrangert  for første gang 20.-24.juni 2016 med base på Stafsethneset ved Vegsundet i Ålesund.  Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Sommaren 2015 vart Friluftsskulen arrangert for første gang i Haram kommune i samarbeid med Frivilligsentralen i Haram. Over 20 påmeldt og friluftsskulen var fullteikna.

Sommaren 2014 gjennomførte friluftsrådet eit pilotprosjekt med friluftsskule som ulike dagtilbod i fleire medlemskommunar. Dette var ein kjempesuksess, der over 120 barn fekk prøve vikingleikar, kajakk, orientering, fiske mm.

NRK Møre og Romsdal laga denne TV-reportasjen då dei besøkte Friluftsskulen 2014 ein dag Vikingleikar stod på programmet: 

http://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/DKMR99062614/26-06-2014#t=10m41s


Friluftsskolen_HOVEDLOGO_2linjer.jpg