buldring.jpg

Buldring;  rørsleglede med mange utfordringar  som passar til alle

Friluftsliv for unge pasientar og pårørande >

Er du mellom 12 og 18 år og pasient eller pårørande? -Bli med på kjekke friluftslivsaktivitetar våren 2021

Buldring, mat på bål, kajakkpadling

Dette tilbodet er for alle som har lyst til å vere med på noko kjekt og fysisk denne våren og som er tilknytt sjukehuset. Kvifor du er pasient eller pårørande speler inga rolle, så lenge du har lyst til å vere med på aktivitetane.

Om du ynskjer kan du ta med deg ein ven/veninne eller eit sysken.

Mars: buldring i Buldrehallen på Moa kvar fredag kl.18 til kl.20
April: tur med mat på bål kvar torsdag kl.18 til kl.20, stad vil bli kunngjort i mars
Mai: padling i kajakk kvar torsdag kl.18 til kl.20, stad vil bli kunngjort i april

Vi ber om at du registrerer deg i skjemaet under slik at vi har oversikt over kor mange som vil bli med.
Du treng kun å registrerer deg ein gong slik at vi kan sjå kor mange som er interessert og for å kunne sende direkte informasjon om opplegga
Registreringa er ikkje bindande og opplegga er gratis.

Vi håper at du har lyst til å vere med oss denne våren!

Er det noko du lurer på? Ta kontakt med Ellen Marte Solem på ellen.marte@hotmail.com eller 41046805

Alle aktivitetane er gratis å vere med på og Friluftsrådet sørger for det utstyret som trengs.

Smitteførebygging: 
Vi følgjer gjeldande smittevernsreglar til ei kvar tid, slik at opplegget skal vere så trygt som mogleg å delta på. I buldrehallen har vi vår eiga avdeling der vi vil vere få nok til å holde god avstand, samt av vi brukar handsprit undervegs. 

Ved aktivitetane ute held vi og god avstand samt gjennomfører matlaging i tråd med gjeldande smittevernsreglar samt god hygiene. 

Registering så raskt som råd!

Utfyllande informasjon blir sendt til registrerte!

Informasjon om deltakar
Namn:* 
Direkte e-post:* 
Dersom deltakar ikkje har direkte e-post så gjer vel og nytt e-post til ein av føresette til kontaktinformasjon
Direkte mobiltelefon:* 
Dersom deltakar ikkje har, eller de ikkje ynskjer å oppgi mobilnummer til deltakar nyttar de eit mobilnummer til føresette her.
Alder (f. år):* 







Venn eller søsken:* 
Ynskjer du å ha med deg ein venn eller søsken?


Namn på venn/søsken: 
Dersom du har kryssa av for å ha med deg venn eller søsken må du skrive namnet her
Alder/fødselsår på venn/søsken: 
Dersom du har kryssa av for å ha med venn/søsken så gjer vel og skriv kor gammal han/ho er her!
Aktivitet:* 
Gjer vel og kryss av kva aktivitetar du vil vere med på! Du kan velje ein, to eller tre (alle) aktivitetar



Informasjon om føresette
Namn føresett:* 
Mobil føresett:* 
E-post føresett:* 
Kopi av utfyllt skjema blir sendt til denne e-post adressa. Dersom du ikkje får skjema i e-posten din så gjer vel og sjekk "søppelpostfilter" eller om du kan ha skrive feil i adressa.
Nokre løyve til bruk av bilde og fotografering
Bilde og film i media:* 
Får friluftsrådet/journalistar lov til å ta bilde/film til medieomtale under opplegget?


Bilde og film til heimeside, trykt materiell o.l.:* 
Får friluftsrådet ta bilde/film til bruk o heimeside, presentasjonar, trykt materiell og reklame for andre aktivitetar i regi av friluftsrådet?


Sosiale media:* 
Får friluftsrådet ta bilde/film til bruk i sosiale media som Facebook, Instagram ol?


Viktig informasjon, allergi og personvern
Viktig informasjon om deltakar:* 
Har deltakar allergi eller er det anna viktig informasjon som leiarane må vite om? Nytt dette feltet for å gi oss god informasjon. Dette er eit obligatorisk svarfelt. Gjer vel å svar eit kort NEI om deltakar ikkje har allergi eller liknande.
Tegn igjen
Personvern av opplysningar:* 
Alle opplysningar som vert gitt i dette skjemaet vert berre nytta av friluftsrådet og leiarane på turen til det beste for deltakar og for praktisk organisering og gjennomføring av opplegget. Leiarane har teieplikt. Informasjonen vert lagra i friluftsrådet sin database som er knytt til heimesida. Ingen informasjon vert vidaresendt til andre.

Anna informasjon
Fritekstfelt:* 
Her kan du skrive utfyllande informasjon til friluftsrådet. Du kan skrive beskjed til leiarane om det er ting vi bør vite eller prøve å ta omsyn til. Dette feltet er ikkje obligatorisk og kan stå tomt
Tegn igjen