StikkUt.jpg

Stikk UT

Turtips

Her kan du finne turar og turtips

Stikk UT!

Stikk UT! sesongen 2017 er avslutta.

Men frå 1. mai til 31. oktober 2018 er det ny Stikk UT!-sesong! 

Stikk UT! turane representerer eit stort mangfald i medlemskommunane. Her er alt frå flate korte turar på asfalterte vegar, til toppturar som ikkje er tilgjengelege før snøen smeltar. Her er turar i fjell og fjøre, på kysten og i innlandet, i skog og over myrer. Nokre går i tettbygde område, andre langt til fjells.

 Målet er at dei aller fleste skal finne Stikk UT!-turar dei klarer. Og nokre å strekkje seg etter.

Noko av det  kjekkaste med Stikk UT! er motivasjonen til å kome seg ut og det å oppdage så mange flotte turmål du ikkje visste om frå før!


Turkort_Haram_2014_-_Synnalandsvatnet.jpg

Turkort over Synnalandsvatnet i Haram kommune

Turkort

Turkorta er laga som tips til turar i ditt nærmiljø - men vert samstundes tips til turar i nabokommunen din.

Her kan du lese meir om turkorta

Ordf__rerens-tur-2014-i-__lesund-4.jpg

Naturlosvandring med Ordføraren som Naturlos! 

Naturlos

Naturlosturane er organiserte turar med kjentmann/fagperson i regi av lag og organisasasjonar eller Friluftsrådet.

Dette er kultur- og naturvandraningar med noko attåt!

Naturlos kan du lese meir om her!

IMG_2284.JPG

Utsikt mot Sykkylvsfjell sett i frå Kongshaugstranda

Vêr, flo og fjøre

På denne sida har vi samla all nyttig informasjon frå vêrvarsel, flo og fjøre og skredvarsel.

Oversiktleg og greitt!

Klikk her!