Turkorta er laga som tips til turar i ditt nærmiljø - men er samstundes tips til liknande turar i nabokommunen din.
Turkortperm
Friluftsrådet har også laga 200 turkortpermar som inneheld alle turane. Turkortpermen har vi delt ut på eit utval strategiske stader i kvar medlemskommune som til dømes hjå biblioteket, frivilligsentralar, ulike venterom, nokre institusjonar osv. Saknar du turkortpermen ein stad der folk møtast og har tid til å bli inspirert så send oss gjerne eit tips! Gjer vel og bytt ut (a) med @; christer(a)friluftsraadet.no
Turkortpermen har også eit innleiande kapittel med meir informasjon om friluftsrådet, lån av utstyr, allemannsretten og førstehjelp.
Her kan du laste ned innleiande kapittel!