Barn_lavvu.jpg


Lavvo

Friluftsrådet har fleire lavvoar til gratis utlån til barnehagar, skular og frivillige lag og foreiningar.

Lavvo er det tradisjonelle samiske teltet, og svært godt tilpassa samane sitt nomadeliv. Duken er lett å ta med seg og teltet er eigna til å fyre bål inne i midten.

Den moderne lavvoen som Friluftsrådet har til utlån er laga i ein duk av blandinga bomull/syntet eller lett syntetstoff og står anten med ei aluminiumsstang (einstangslavvo) i midten, eller ein ring av aluminiumsstenger (Ovnslavvo).

Planlegg tur etter evne og legg inn ekstra margin i høve til ver og vind!


Einstangslavvo

Denne er lett å ta med seg. Aluminiumstanga i midten kan leggast i hop og det er materialet duken er laga av som bestemmer vekta på lavvoen og storleiken når den er pakka saman. Friluftsrådet har både tyngre blandingsdukar og lette syntetdukar.

Oppslått tåler ein einstangslavvo mykje mindre vind og snø/slaps enn ein ovnslavvo  med fleire stenger i ein sirkel (Når desse er laga av tre vert det kalla "raier").

Sidan duken er utsett for vind er det mange bardunar/snorer.  For at det skal vere lett å sette opp lavvoen neste gong og sleppe å bale med  bardunflokar bør ein bruke ein strikk som samlar kvar einskild bardun før pakking og levering til Friluftsrådet.

Er det tidleg eller seint på året med fare for tung nysnø bør du velje ein ovnslavvo.

Ovnslavvo

Friluftsrådet sine ovnslavvoar er laga av Venor. Dei har ein kraftig flammehemmande duk og eit sett aluminiumsstenger som står i ein ring når du reiser dei.

Denne er veldig lett å sette opp, og utan stanga i midten er det betre plass til bål og aktivitetar inne i lavvoen.

Dersom det ikkje bles er lavvoen sjølvståande og kan dermed plasserast også på hardt underlag. Ved vind må du bruke pluggar og/eller bardunere duken.

Det einaste minuset er ved transport. Stengene er tunge, ca 15 kg. Fordi duken er kraftig er den også tung, ca 15 kg.


Utlån er gratis!

Men for å kunne oppretthalde dette som eit gratis tilbod så treng Friluftsrådet all den hjelp vi kan få for å halde utstyret i orden.

Lånetakar pliktar  å levere lavvoen tilbake i same stand (eller aller helst i betre stand!) som då den vart utlånt - og tørr!
Dersom friluftsrådet må ta att utstyrsstell og får unødigvendig etterarbeid blir dette fakturert lånetakar med kr 500.- per oppstarta time.

At lånetakar skal levere lavvoen tørr tilbake betyr i praksis i vanleg sunnmørsvêr at minimumslån er 3 dagar - til dømes 1 dag til overnattingstur og 2 til tørking og stell!

Lavvoen skal leverast tilbake til friluftsrådet sitt lager på Kongshaugstranda 105, Sula innan kl 1530 på siste lånedag!

Her kan du laste ned tips til pakking og stell av lavvoane som pdf-dokument


Her er lenke til skjema for lån av lavvu:

Oppdatert skjema kjem snart!

Vi må sjå over og merke utstyret før utlån i 2017